onsdag 25. april 2012

Rampegut og Stivskor

Rampegut..

Sidan sigbjørn allereie ha lagt ut lyd og bilete (takk) så kane g seia litt om ruta. Den har vel vorte kika på eit par gangar frå bakken, mend et var først når eg rappelerte av eit bolteprosjekt (Rakkerunge) som går opp frå hylla der Rampegut toppar ut eg bestemte meg for å sette i gang her. Ruta er svaklatring på sitt beste og ein får testa krimping, smøring, listeklatring og mantling. til og med litt laybacking i toppen. Eg er frista til å gi den kanskje to stjerner. Graden vart diskutert fram til ca 6+. Open for andre forslag nedover på skalaen...
Ruta vil få ei andre taulengde når fjellsikraren har bikka ut eit digert laust flak på 2.lengden og satt siste to boltane. Graden på denne trur eg vert mykje det same, kanskje litt lettare. Denne ruta vil toppe ut til høgre for dne gode den onde og dne grusome og komboen Rampegut og Rakkarunge blir vel då ein av dei lengste rutene på Kvam skulle ein tru. Her er moglegheiter for fleire linjer her oppe ved sidan av "Rakkarunge" for dei som måtte vere gira.


Vidare pussa/grov eg fram ei linje nede i Vesle bohus i april og som eg fekk gått her i helga. Fint riss som er ganske "fjell aktig" i klyvestilen og graden vert noko slikt som 4+ tenker eg. Navnet tenker eg i svensk ånd må bli "Stivskor" (stive støvlar liksom) ca 20 meter med finfin kilesikra klatring.

Fekk ikkje til å legge ved bilda av denne linja eg, men Sigbjørn får de kanskje til ?

Rampegutt

Stivskor

1 kommentar:

  1. eg vant forresten konkuransen i skrivefeil ser eg......

    SvarSlett