lørdag 21. april 2012

Mjelk og honning

Omtrent samtidig som Gå med våpen(7) vart pussa og borra i fjor vår, dukka det opp ei linje tre meter til venstre for denne som såg tynn ut, men klatrebar. Eg pussa, Thor Espen borra. Sesongen var som vi alle veit prega av ein del nedbør, noko som gjorde det vanskeleg å time både form og forhold for oss begge. Enten var det litt fuktig, eller så vart det mørkt, men som oftast var vi ikkje i form(les: for svake).
Etter ein tur til sørlegare strøk, kom eg heim til dekka bord, Thor 'Betabanken' Fugelsøy hadde som vanleg funne betaen. Då var det berre å bryte seg på og det var ein fryd å karre seg nærmare og nærmare toppen for kvart forsøk, men vi datt av ved toppcruxet for kvar gang. Dette førte til mang ei søvnlaus natt, og diskusjonar av flytta. Ruta vart (heldigvis) gløymt litt gjennom vinteren, men dukka opp bakerst i tankane etter kvart som tempraturen steig og Kvam tørka meir og meir.
Så var eg og rockestjerna ute ein dag i vår og formen kjendest bra ut(med tonane frå Tyyl i bakgrunnen), eg kom såvidt lenger enn i fjor, men ikkje til topps. Dermed følgde eit par søvnlause netter og litt irritasjon over å vere så nærme gang på gang.
Så var eg ute med MUK Sigbjørn og etter ein oppvarmingsrunde, vart det bestigning i første forsøk.

 Mjelk og honning (7+/8-) startar med eit sikkeleg bulder dei tre første boltane, opp til ein god kvil. Vidare forsetter den oppover ein tynnsøm, med eit par fingerjammar og krimpar + mange fotflytt. Frå 'pirajakjeften' er det eit langt flytt til ein ok krimp, for så å krysse inn i ein pressa layback til topps.
Dette er rute nr.8 som står som prosjekt i føraren, på sektor Utsikten.
Litt dårleg med bileddokumentasjon, men ein liten filmsnutt fikk vi:


Kosten er kasta, så det e berre å klatre

1 kommentar: