Thor Espen
|
Thor: Gjengens "tickekonge". Thor vurderer å innføre ulike fargar innan kalk for merking av håndtak, fotak, sloper og krimp. Å sjå thor øve inn ei rute er ein stilstudie i møysommeligheit, de er ikkje vits i å svare på det han pratar om for han snakkar utelukkande til seg sjølv. Saman med sigbjørn har han skapt mykje klatreglede på Kvam gjennom å bolte mange flotte ruter. Selger gjerne eit prosjekt eller to for ei flaske wiskey
Sigbjørn |
Steffen: Kanskje Jostein si rake motsetning psykemessig. Har ein klatrestil som grensar til det latterlege og irrasjonelle. Det skumlaste han gjer er å klatre inne i hallen. Ute er han derimot ganske komfortabel på is. Jobben som fjellsikrar har ikkje akkurat hjelpt på klatrepsyken ettersom han no ofte er redd for å få heile Kvam i skallen når han er ute å klatrar. Trivst best på obskure krimpete ruter som ingen andre likar gjerne litt utanfor allfarveg.
Jostein |
Jostein: Jostein trivast best når han får krafse, kave pese puste og spinne. Offwidth og småpsykande runouts har meir eller mindre frivillig blitt Jostein si greie. Han tilfører gjengen mykje humor både på eigen og andre sin bekosting. Alltid blid!
Vegard |
Vegard: Helten, vegleiaren, mentoren, forbilde og motivatoren. Ei ekte ildsjel som brenner for klatring, Sogndal og Kvam. Er sjeldnare å sjå på cragget enn før, spesielt med drillen, noko som truleg har med kone og to ungar å gjere. Men når han først tek turen ut er han blant dei sterke og lærer oss andre eit og anna om å krimpe. Kjøper gjerne eit prosjekt eller to for ei flaske wiskey.
Odd-Eivind Holo |
Odd Eivind. Holo Holo Holo"!!!! rockestjerna i gjengen. Aspirerande alpinstøtar som i vinter har tjuvtrent mykje saman med eric, noko som resulterer i at han er begynt å bli farleg sterk. Difor får han lov til å vere med å leike med oss andre i gjengen. Ambisiøs som få og gira!
Gjert. Kom inn som vikar eit år og etter det har mann blitt. Vårt lokale alibi som einaste Sogning i gjengen.