søndag 8. april 2012

Påskeegg (7-)



Flott arbeidsplass.
I haust fikk eg pussa fram eggen som ligg ut mot hylla i nærheita av Jamstein(8-) i Hundremeterskogen. (Superutsikta på folkemunne)Tidleg i påskeveka var eg ute og fekk satt boltane og klatra eggen som vart kalla Påskeegg (7-). Litt usikker på grad, så kom gjerne med innspel.
Ruta startar med ein liten svatravers ut mot eggen, og deretter på krimpar og smør vidare oppover på begge sider av eggen opp til lettare avsluttning. Denne ruta er fin å gå som førstetaulengde opp til Vårgildet.
Desse to rutene konkurrerar nok i toppen over ruter på Kvam med finast utsikt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar