![]() |
| Flott dag i fjell. |
![]() |
| Toppen |
Ting skjer.
Fredag dro me opp på Gianetti-hytta i håp om å få gjort div alpine ting. Den gang ei. Været slo om og det blei snø på tindan. Me kom uss opp på Punta Torelli i snødrevet, men utsikten va minimal. Fin klyving likevel, men det stoppa der. Hytta var og ein liten skuffelse, då det var varmare utanfor hytta enn inni ved ankomst, og middagen bestod av særdeles tørt brød og pasta-i-eit-eller-anna.. Men, me lar uss ikkje vippe av pinnen så lett!
Etter dette reiste me tilbake til camp i Sasso Remenno.
Merkelig nok, akkurat i det eg skulle parkere bilen røyk plutselig clutchen på bilen..! Wtf!?
Gjensidige var heldigvis berre ein telefon unda, og plutselig var "Guarda" på plass og henta bilen. - L'auto kaput?, spurte bilmannen. - Ich an'ich, svarte eg..
Etter denna bil-fadesen har me rekt å drikke uss fulle fleire gonger. Vin e jo så billig her!
Me har også klatra på Europas største stein. Sjekk bildet under ein plass. Steinen er enorm, og har sikkert meir enn 50ruter på seg!
Igår gjekk me foresten ei nydelig 3tl på bolt, grad 6a, Cuba Libre.
Etter det gjekk me heim å drakk vin.
Idag stod me opp sjukt tidlig, 06.00! Me skulle bryte uss på ei hinsides lang multipitch på bolt. Langtur. Lett. Grad 5 ca. 650m. 14tl.
07.00 gjekk me retning ruta, men blei avbrutt av camping-eigerane som ville ha uss med å jakte nokon esel som hadde rømt..
07.15 gjekk me videre.
08.10 brøyt me uss på.
13.00 var me ferdig med 14 tl.
15.38 hadde me rapellert ned igjen heile skiten..
Meget fin tur. Scoobidoo, 5c obl, fortjena 3stjerner og klassiker-stempel.
Imorgo bli det regn. Me har då skriftlege avtaler med både Harry Hole og Skogsmatrosen.
Av ting me har lært i det siste kan nemnast:
1. Ikkje la italienera bestille "taxi" gjennom bekjente. Det kosta mange euro.
2. 5 dagers intervall mellom kvar dusj er sånn ca akkurat passe.
3. 6b er 6b. Umulig å forstå kva det tilsvarer i norsk grad.
4. 1euros vin er fortsatt konge! Og "frisante" betyr sprudlende. Ganske digg egentlig.
5. Norske kroner står sterkt i kurs fortsatt. Yeah!!
Heiåhå har sendt eit par medlem ut på klatreekspedisjon ned i europa. Her kjem eit utdrag av eventyret så langt:
Fredag, avreise Sogndal 16.00. Fyrste stopp Kjelsås, 22.00.
Laurdag: avreise Kjelsås 08.00. Via Sverige, Danmark og Tyskland. Stopp ca 01.30 ein eller anna plass på A7. Sov i bilen.
Sundag: starta opp å kjøre 06.30, ankom Sankt Moritz ca 14.00, via Østerrike. Langt å kjøre bil. Anbefala å fly..
Været i St.Moritz var begredelig, så etter ein overnatting reiste me vidare til Italia, Valle di Mello. Og her er livet godt!
Valle di Mello har ALT ein kan ønske seg av klatring: bra buldring, haugevis av bolta crag, flotte multipitch både på bolt og trad, samt tinda over 3000moh. Og alt på granitt :-D og ikkje minst er Italia eit meget billig land å bu i!
Fram til no har me gått fleire multipitch av høg kvalitet. Flotte riss, nydelige dieder, trange kamina, psykande sva, og herlige traversa. Klassikeran kjem som perler på ei snor, og det er berre å velge og vrake i ruter.
Mat og drikke har dei også mykje av. Stikkordet er Billig. Tilbud på øl til 0,79euro.. Er det rart dei har dårlig økonomi nede i europa..?
Av nye erfaringa me har gjort uss på turen kan nemnast:
1. Å kjøre bil frå Sogndal til Italia er langt.
2. Folk nede i Europa er veldig imøtekommende. Nordmenn som oss er det motsatte.
3. I Italia forstår dei verken norsk eller engelsk.
4. Å lære seg tysk på skulen er bortkasta: du kjem langt med tulletysk og ein ok ord-forståelse.
5. Vin til 1euro smaka like bra som vin til 200kroner.
Igår la me i veg på langtur. Normalvegen på Punta Sertori og normalvegen på Pizzo Badille som var planen. Men det regna vekk. Me gjekk heller ein tur på Punta Torelli. Utsikten var ikkje tilstades då det snødde sidelengs..
Etter dette gjekk me ned igjen til sentrum og sitt pr.no på ein bar og drikk billig vin.
Snakkast!
Og hugs: speed is ... safety.
Ny dag, nye utfordringer.
Etter å ha klatra Vigerusteggen heile to gonger igår, med tolv timers mellomrom, begge gonger i sleipt føre, blei det idag ein heilt anna oppleving:
Me byrja dagen med ein tur opp Sveitsereggen, 3'tl 5-, med god oppdrift på alle tre. Veggen var så godt som turr, og sola varma godt. For godt.. Som tøffe mannfolk me er var ikkje solkrem noko tema..
Etter ein kort lunsj på toppen av Sveitsereggen gjekk turen vidare til Indianerstigen, 2.tl 5-. Her fekk jostein ein flott led opp fyrste, før holo fekk ei skitten og tynn andre lengde. Nok om det.
Slitne, dehydrerte og varme som me var, gjekk turen raskt tilbake til bilen og rimi for å kjøpe middag, is og solkrem. Nemnte vi at det har vore varmt idag?
Etter handleturen blei det ein lengre siesta der gutta har liggi strak. Varmen har vore uutholdelig! Ein stor kontrast frå tidlegare i veka då vi gjekk med primaloft og paraply i sogndal..
Etter litt grilling og fleire runder med solkremsmøring blei det svalt nok til at vi kunne komme fram frå skyggen, så holo og jostein bestemte seg for å gå ein kveldstur opp Jomfruskrittet, 2.tl 4+. Flottflott klatring!
Etter to dager med klyving, og 4ruter gått, kan vi trygt si at rutene på sotra er av god kvalitet, og at dei ikkje gir bort gradene billig her! :-)
Nu er det dags for litt voksenbrus og pleie av solbrent hud.
Adjø.
Dagen byrja bra med ein råflott 17.maifrokost i casa-del-steffen. Gimmestad bur for tida i, hald dykk fast, Turbotoppen.. Fett navn!
Etter champagne-frokosten, uten champagne, fortsatte turen ut på sotra. Vi byrja med å gå Vigerusteggen. Flott klyving på 4'er-talet. Godt innafor. Heldigvis.
Etter dette gjekk turen tilbake til camp, der me åt lunsj og drakk mengder med kaffi.
Det begynte å regne. Som mattelærer er eg glad i å regne, men regnvær er eg ikkje så begeistra for. Me ordna derfor med kreativt tak over lunsj-buféten. Legg merke til pynten midten; kiler og slynger i raudt kvitt og blått B-)
Det regner framleis.
Me slår ihjel tid med ein rånerunde i øygarden.
Hipphipphipphurra for sotra!