lørdag 18. mai 2013

Reisebrev Sotra, del zwei.

Ny dag, nye utfordringer.
Etter å ha klatra Vigerusteggen heile to gonger igår, med tolv timers mellomrom, begge gonger i sleipt føre, blei det idag ein heilt anna oppleving:

Me byrja dagen med ein tur opp Sveitsereggen, 3'tl 5-, med god oppdrift på alle tre. Veggen var så godt som turr, og sola varma godt. For godt.. Som tøffe mannfolk me er var ikkje solkrem noko tema..

Etter ein kort lunsj på toppen av Sveitsereggen gjekk turen vidare til Indianerstigen, 2.tl 5-. Her fekk jostein ein flott led opp fyrste, før holo fekk ei skitten og tynn andre lengde. Nok om det.
Slitne, dehydrerte og varme som me var, gjekk turen raskt tilbake til bilen og rimi for å kjøpe middag, is og solkrem. Nemnte vi at det har vore varmt idag?

Etter handleturen blei det ein lengre siesta der gutta har liggi strak. Varmen har vore uutholdelig! Ein stor kontrast frå tidlegare i veka då vi gjekk med primaloft og paraply i sogndal..

Etter litt grilling og fleire runder med solkremsmøring blei det svalt nok til at vi kunne komme fram frå skyggen, så holo og jostein bestemte seg for å gå ein kveldstur opp Jomfruskrittet, 2.tl 4+. Flottflott klatring! 

Etter to dager med klyving, og 4ruter gått, kan vi trygt si at rutene på sotra er av god kvalitet, og at dei ikkje gir bort gradene billig her! :-)

Nu er det dags for litt voksenbrus og pleie av solbrent hud.
Adjø.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar