mandag 20. mai 2013

Reisebrev 3 frå heiåhå-klatrecamp.

Turen går inn i sin 4.dag, og 2.røde helligdag. Det er flott å bu i eit land der du får kasta helligdagar og lønn etter deg frå alle kantar.!

Idag har holo og jostein klatra Pinsevennen, 3.tl 5-, og Maos gate, 2.tl 4+. Pinsevennen var eit must iom at det er Pinse idag. Pinse altså. Kva feirer vi egentlig..?

Nok om det. Steffen og Inga har også holdt oss med selskap. Riktignok kun i mindre perioder av dagen, då dei ellers har bedrivi intens kjæresteklatring.

Etter ein betre grillmiddag har vi bestemt oss for å utforske Eksingedalen og Hjellaberget imorgo. Vi har dermed bryte leir og er på full fart innover landet retning Evanger. Der skal vi, dersom det er turt, klatre Sentralfuren, 4.tl 4+. Kan bli ein nydelig tur!

Hang loose.

1 kommentar: