mandag 20. mai 2013

Reisebrev frå Sotra-Eksingedalen-Bolstadøyri, dag 4.

Ja, så eg og Jostein tok oss ein liten snøggtur til Eksingedalen, verdens navle, for å finne ut at det var langt frå tørt oppe i Hjellaberget. Eksingedalen ligg altså 2,5mil frå Evanger, langt over eit fjell og ned i ein dal. Som Jostein sa; her ble de neppe ramma under okkupasjonen i 1940.. Og som Holo parrerte; her er det ikkje sikkert dei har fått det med seg endå..
So langt frå folk er altså denna avkroken. Men det såg flott ut. Meget flott. Berre synd det var vått.
I føraren står det at vi kunne slå opp telt på ei odde/jorde rett under veggen. - Det ville vi ikkje. På det jorde var det vått som ei myr, og i ein avfallshaug låg det bl.a eit døfødt lam, to stk. morkaker frå lamming, og ein god del anna skrot..  Det blei eit kort møte med Eksingedalen, men me kjem attende når det blir skikkelig sumar inni der.

Turen gjekk vidare til Bolstadøyri. Ein gedigen vegg 2mil frå Voss. Her grilla vi bål, drakk øl og sov under åpen himmel. Flotte saker.


I ti-tida kom Steffen. Me brøyt oss på ein 3.tl, grad 6+ på bolt, "Debut". Flotte saker! Kan anbefalast!



Då vi hadde rapellert ned og dratt tauet klarte vi sjølvsagt å feste tauet fast i ei grein på ei furu lengst oppe i veggen. Holo blei sendt opp igjen for å løysne det, då ideen om å feste tauet til bil og dra det laus blei underkjent.. De kan sjølv sjå på biletene kor godt tauet hadde festa seg.. 

Turen er no ferdig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar