lørdag 28. april 2012

Hej och hå 4-ever!

Jadda! Då va ruta ferdig pussa og bestigi. Namnet blei "Hej och hå 4-ever" og uttalast på feminin-svensk måte. Likevel e det lite ved ruta som e feminint. Graden e forløpig satt te 5+, men kan diskuterast i begge retninga. Ruta e gøtt sikra med små kamma og ei og anna kile her og der. Bruk gjedne tau også. Ruta ser lett ut,  men mange kan nok få seg ein overraskelse oppi der. Merkelig nok e det slik at der det ser lett ut e det teknisk, og der det ser tungt ut e det ûber-fett! Dei som har satt sine bein i ein klatresele før vil nok merke at dei fer ei fornemming av fjellklatring her, - og ja, det ska e vera einig i. Vel, enought said, som det heite. Meir beta fer de ikkji, med mindre de casha ut.

Te slutt e det vert og nemne at detta va underteikna sin fyrste fyrste bestigning på Kvam, og e vil rette ein stor takk te resten tå gutta-krutt i HeiÅHå-klatring for støtte, sikring, opplæring og nedfiring. Tusen hjertelig.

Hej och hå 4-ever!

Odd-Eivind.




onsdag 25. april 2012

Rampegut og Stivskor

Rampegut..

Sidan sigbjørn allereie ha lagt ut lyd og bilete (takk) så kane g seia litt om ruta. Den har vel vorte kika på eit par gangar frå bakken, mend et var først når eg rappelerte av eit bolteprosjekt (Rakkerunge) som går opp frå hylla der Rampegut toppar ut eg bestemte meg for å sette i gang her. Ruta er svaklatring på sitt beste og ein får testa krimping, smøring, listeklatring og mantling. til og med litt laybacking i toppen. Eg er frista til å gi den kanskje to stjerner. Graden vart diskutert fram til ca 6+. Open for andre forslag nedover på skalaen...
Ruta vil få ei andre taulengde når fjellsikraren har bikka ut eit digert laust flak på 2.lengden og satt siste to boltane. Graden på denne trur eg vert mykje det same, kanskje litt lettare. Denne ruta vil toppe ut til høgre for dne gode den onde og dne grusome og komboen Rampegut og Rakkarunge blir vel då ein av dei lengste rutene på Kvam skulle ein tru. Her er moglegheiter for fleire linjer her oppe ved sidan av "Rakkarunge" for dei som måtte vere gira.


Vidare pussa/grov eg fram ei linje nede i Vesle bohus i april og som eg fekk gått her i helga. Fint riss som er ganske "fjell aktig" i klyvestilen og graden vert noko slikt som 4+ tenker eg. Navnet tenker eg i svensk ånd må bli "Stivskor" (stive støvlar liksom) ca 20 meter med finfin kilesikra klatring.

Fekk ikkje til å legge ved bilda av denne linja eg, men Sigbjørn får de kanskje til ?

Rampegutt

Stivskor

mandag 23. april 2012

Tørt, tøft og nytt!!!

Det har vært en god kvam-helg!

Lørdag morgen ringte Vegard V. han hadde et tidsvindu på ettermiddagen fra ca 1630 til 1830. Vi dro ut til Buldre-Bohus der jeg hadde et nesten ferdigpusset prosjekt, mens Vegard hadde et prosjekt det gjenstod litt mer pussing på. Denne dagen ble en oppvisning av effektivitet og klatreglede. Etter litt tau vas pusset vegard sitt prosjekt og fikk bestigning på Levva Livet (5)? Jeg pusset toppen mens Vegard var i gang med klatringa, da han kom opp satte han en knute på tauet jeg hang i og firte av i mangel på anker. Vel nede pakket han og beinet ned til bilen. Ruta føyer seg inn i nye flotte trad ruter på nedre klippe på vestre.


Pussing.....

og klatring.

Intens pussing på toppen....

og rolig klatring.

En stilstudie i eminent teknikk.

Fine flytt, godt sikret og en stilig avslutning.

Etterpå var det min tur på en bratt, intes og kort linje rett til høyre for Levva Livet (5)?, etter den vanlige prosessen med å senke egne og andres forventninger med å klage på alt mulig, gikk jeg på og fikk bestigning på Forbudte følelser (6+)?

Tungt sikrings arbeid.

Litt bratt og litt intens.

Som sikrer står førstebestigeren av Mjelk og honning (7+/8-), jeg tenker forbudte tanker, jeg føler forbudte følelser..


Det vil bli lagt ut en egen fører for klipp; Nedre vestre. Siden det er full fres og stor aktivitet kommer denne etter hvert. Men for de som er gira er det bare å snakke med en av gjengen. Per i dag er det 7 etablerte linjer og minst 6 prosjekt ( det er litt pusse arbeid). 

lørdag 21. april 2012

Mjelk og honning

Omtrent samtidig som Gå med våpen(7) vart pussa og borra i fjor vår, dukka det opp ei linje tre meter til venstre for denne som såg tynn ut, men klatrebar. Eg pussa, Thor Espen borra. Sesongen var som vi alle veit prega av ein del nedbør, noko som gjorde det vanskeleg å time både form og forhold for oss begge. Enten var det litt fuktig, eller så vart det mørkt, men som oftast var vi ikkje i form(les: for svake).
Etter ein tur til sørlegare strøk, kom eg heim til dekka bord, Thor 'Betabanken' Fugelsøy hadde som vanleg funne betaen. Då var det berre å bryte seg på og det var ein fryd å karre seg nærmare og nærmare toppen for kvart forsøk, men vi datt av ved toppcruxet for kvar gang. Dette førte til mang ei søvnlaus natt, og diskusjonar av flytta. Ruta vart (heldigvis) gløymt litt gjennom vinteren, men dukka opp bakerst i tankane etter kvart som tempraturen steig og Kvam tørka meir og meir.
Så var eg og rockestjerna ute ein dag i vår og formen kjendest bra ut(med tonane frå Tyyl i bakgrunnen), eg kom såvidt lenger enn i fjor, men ikkje til topps. Dermed følgde eit par søvnlause netter og litt irritasjon over å vere så nærme gang på gang.
Så var eg ute med MUK Sigbjørn og etter ein oppvarmingsrunde, vart det bestigning i første forsøk.

 Mjelk og honning (7+/8-) startar med eit sikkeleg bulder dei tre første boltane, opp til ein god kvil. Vidare forsetter den oppover ein tynnsøm, med eit par fingerjammar og krimpar + mange fotflytt. Frå 'pirajakjeften' er det eit langt flytt til ein ok krimp, for så å krysse inn i ein pressa layback til topps.
Dette er rute nr.8 som står som prosjekt i føraren, på sektor Utsikten.
Litt dårleg med bileddokumentasjon, men ein liten filmsnutt fikk vi:


Kosten er kasta, så det e berre å klatre

Eksempel på pusseprosess

Som mange har fått med seg foregår det endel pussing på Kvam. Samtidig kan det hende at ikke alle vet hva dette arbeidet innebærer, men her kommer en liten innføring: