torsdag 17. mai 2012

Tjolahopptjolahej for 17.maj!

Hipphipphipp, hurra hurra hurra! (- bilen til steffen har stoppa...)
Dagan går her i u-landet Sverige. Til tross for at dei har fått 100mbit trådlaust nett her ved klatrestugan må vi likevel drikke øl og vin for å oppretthalde veske-ballansen. - Vatnet her er for skittent til å drikkast.

Sidan sist reisebrev har fleire ting skjedd:
1. Underteikna har persa på kiler; "Bagatell" (6+)
2. Sigbjørn har fått fyrstebestigning på variant av rute; "Barnetog" (7-)
3. Underteikna solorerte "Rampan"  grad 3 saman med Sigbjørn.
4. Thor Espen har ankomme, og sprer god stemning og vin blandt gjengen.
5. Steffen sin bil har fått startproblem. Selges til høystbydende over 200'000,-. (Har nesten ikke startproblem).
6. Vi har vore på cafe i Lysekil, kor vi etterkvart mista Marit i ei shoppingulykke.
7. Vi har fått ei rekke utlandske naboar som er nærgåande og særs interessert i å prate med oss. WTF?!

Nortind på tur:
- Vi er så heldige å ha med heile to (snart) tindevegledera på denne turen; Sigbjørn (kun MUK) og Marit(Aspirant). Vi må likevel stille spørsmålstegn ved NorTind sine krav til opptak: Blandt anna har den eine av dei begynt å få vondt i magen med ein gong han/ho går litt over sikringa, medan den andre har problem med å finne fram i kjent terreng. Vi andre lurer på om det er slike folk vi vil ha til å lede oss i bratt og ukjent lende ?

17.mai
No er det kun øl og grilling som gjenstår av denne fantastiske nasjonaldagen. På gjensyn, auf widers og salut!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar