mandag 21. mai 2012

Avsluttande og oppsummerande reisebrev från Bohuslän

Kalendaren vise måndag 21.mai, uret vise ca seks. Vårens vakre eventyr i Søta Bror e over for denna gong og det e på tide med ei lita oppsummering frå dei siste dagan Sverige:

Me har slappa tå, klatra og drikki øl og kaffi og eti god mat. Det e vel pretty much det..

Te venstre ser me Sigbjørn (eller Siggen som han no blir kalla etter å ha prøvd sigg for fyrste gong) i eit hederlig forsøk på Torline. Det blei med forsøket..

Te Høgre ser me Frenchie, Siggen og Marit på huk. Men me er ikkje på Huk, me er på Heller.

Sundag splitta me lag og reiste kvar til vårt. Thor Espen og Marit tok bussen (lol..) frå oslo te Sogndal. Underteikna og Frenchie hadde tenkt å gå ein siste klassiker i Bohus, men då det var vått bestemte me uss fort for å bryte leir og reise heim te fedrelandet fortar enn svinnt. Skjønt, me rakk jo å handle flesk og kjøt på Nordby-senteret fyrst.. Etter 5 tima i bil stoppa me ved Kolsrud-flaget på Flå og gjekk den utrulig fine ruta Flåklypa Grand Prix (-5, 7tl.). Prima slutt på eit ellers nydelig eventyr!


 Tross i all den gode klatringa e det verdt å stoppe opp og tenke over kor godt me faktisk har det i olje-nasjonen Noreg, der me kan ta uss fri frå jobb og skule og berre stikke på ferie, gjerne betalt sådan, når det berre nokon mil austover ligg eit u-land; så fattig, så spartanskt, men likevel så flott. Me har møtt nydelig svensk ungdom som gir av det lille dei har, som ber uss inn på middag og ei flaske vin, sjølv om det er det siste dei har råd til. Men me har også møtt forfylla menn på pub, som drikk sorgane bort fordi det korrupte og skak-kjørte svenske diktaturet har slengt dei ned i slummen og det ikkje finst noko velferdssystem som sørge for at alle har det bra. Likevel, Sverige er ein nasjon å bli glad i med sitt "gulliga" språk og låge matprisa. Tjollahopptjollahej-och-hå, takk for nå!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar