tirsdag 15. mai 2012

Reisebrev nr.1 från Bohuslän

Hej och hå!
Då er vi på plass og godt etablert ved klatrestugan i Bohus. Turen har fram til no bydd på mykje moro; Steffen, Holo og Eric reiste austover på fredag og klatra på Kolsås på laurdag. Her blei det støting på klassikerar som "Hollywood", "Titter'n på hjørnet" og "Fandens hekletøy". Utpsykingsfaktoren var høg, og samtlege følte ved dagens slutt at dei hadde fått godt med juling. Vegen bar så vidare til Sverige. Søta Bror viste seg frå sin beste side med godt vær, billig mat og drikke, samt høgare fartsgrenser på vegane.. På klatrestugan i Dingle hooka vi opp med Sigbjørn og Marit. Søndag var fyrste klatredag i Bohus. Vi la iveg til Valserød og valsa opp ruter som "Jungfruen", "100 dager", "Letta leden", "Birgers Borst" og fleire andre. Vi avslutta dagen med grillings og folkøl. Natt til mandag satte uværet inn. Telta låg meir horisontalt enn vertikalt den natta, og regnet kom både sidelengs og nedanfrå. Måndag blei dermed ein alternativ dag kor vi starta med å besøke Linus, ein bekjent av Marit. Vidare tok vi turen til Gøteborg kor vi kjøpte klatre-stæsj og fekk bada og svømt litt. Heldigvis er klatreferdighetene våre betre enn symjeskillsa.. Eric nytta dagen i Halden med fransk gramatikk-eksamen. I ein kommentar om korleis det gjekk seier Eric "oui, c'est tres bien". Etter endt dag i Gøteborg drog vi tilbake til Linus og drakk vin og åt mat. Kvelden randt så over i eit sikkelig sjø-slag med mykje godt i glaset, godt gitarspel og høg sigarett-føring.. Dagen i dag, tysdag, starta med eit dundrandes hovedverk og ujevn avføring for fleire.. Været har roa seg og vi tenkjer no å reise til Galgeberget og klatre litt. Helst lite psykande ruter på gode tak med mykje sikringsmuligheter. Mest sansynlig topptauing..

To be continued..


PS: Holo og Steffen har sett Eric springe (!) for aller fyrste gong under opphaldet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar