søndag 25. oktober 2020

Stjerna 6+, 5 taulengder


Historia bak ruta Stjerna er at Jarle Kalland inviterte meg med på klatretur på Storehesten/ Kvamshesten ein sommardag i 2013. Det var lenge sidan sist vi hadde vore på tur saman og ein dagstur til Storehesten passa inn i ein elles travel kvardag. Vi gjekk mot klatreruta Kristine. Jarle hadde ei røvarhistorie frå gamledagar om ein portalegdetur i snøver i desember opp i dei store overhenga til høgre i bilde under. Når vi stod der fekk vi etterkvart auge på stjernerisset. Vi kveila ut taua og sikta mot Stjerna,  Kristine måtte pent vente til ein annan dag. 

Jarle Kalland under Stjerna
(Jarle Kalland og Vegard Vereide 11.07 2013)

  1. taulengde, 6+, ca 40 meter, opp ei lita nase med ein bratt start, sikre i eit lite riss på nasa før litt utklatring til ein kjem seg inn eit riss-systemet deretter grei klatring vidare til god standplass.
  2. taulengde, 5, ca 30 meter, oppover mot Stjerna i eit grovare riss og opp til god standplass under Stjernerisset. 
  3. taulengde Stjernerisset, 6+, 60 meter, Følg risset og ta høgre riss ut på kanten. Risset går på ein kant! Ha med nok store sikringar og nyt denne taulengda. Jarle utklatra mange meter pga. lite med sikringar. Dei siste 10 meterane traverser risset inn til standplass.
  4. taulengde, 5, usikker lengde på taulengda, grei klatring opp nokre kaminar.
  5. taulengde, 4+, usikker lengde på taulengda, lurer på om vi kom inn på ruta Blå himmel blues
 
Standplass på hylla der Stjernerisset startar

Stjernerisset har blitt klatra av Lasse og Olav sommaren 2019. Dei har blogga og teikna ein god topo på av ruta Motstraums. Sjå bloggen: Motstraums 6 -, 8 taulengder

Så stjernerisset har nok minst to førstebestigningar. 

Det som skiller korleis vi klatra Stjerna vs Motstraums er av vi hadde ein brattare og tørrare start enn dei og at vi gjekk fritt utan tau etter 5. taulengde. Vi har sett Stjernerisset til grad 6+ og starten på første taulenge er nok ca samme grad. Vi anbefaler ruta og ta med nok store sikringar til stjernerisset. 


God tur!
    



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar