torsdag 5. desember 2013

Oppdikta

kremt kremt.....



Den raude kammen


Langt nedi kassa med gamalt skrot
Rotar eg hektisk rundt, ja dykk veit
meg, orden ro og tolemot.

Planen for dagen er klar
Her snakkar me listing smyging
og psykande utklatringar på kompakte sva
Eg manglar berre ein raud kam, den berre MÅ eg ha.

I ei kasse som dette er det ikkje berre isenkram å finne
Det slår meg at her leitar eg rundt i gamle minne

På eit knippe med kilar av luguber kvalitet, heng
ein styggskeiv diger kam og eg kjenner det er like
før eg gret. Vagt eg minnast noko om rygging, Pathfinder, parkering
skammfullheit og Kvam.

Lenger nede i kassa finn eg min fyrste karabin
Den er sikkert frå dne tida då Aqua og Etype var "inn".
Slik held ferda i minneboka fram. Eg reiser til Lofoten
Bohuslen, Jotunheimen og ikkje minst Kvam

Langt om lenge fører leitinga fram, og eg held opp ein
liten raud kam.



Det var forfattaren sjølv som las.......
Skreve på tur gjenom Lærdalstunellen (det var forfattaren sjølv som køyrde)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar