torsdag 26. desember 2013

Jule-is og marsipangris

I Hallingdal sine bratte bakka,
der finn du fossa og isetappa.
Dei kan du klyve på med øks og rep,
nytt gjedne stegjern slik at du fær grep.


2.dag-jul: På tide å setja ribbefeittet i røyrsle, og friske opp pumpen litt.
Underteikna og Sigbjørn tok difor turen te Golsjuvet; Ein avkrok midt i ingenmannsland mellom Åsgardan og Robru.
Golsjuvet e fint det. Nordvendt, kaldt, og isut. Akkurat slik ein treng det.






Det va flotte forhold å klyve på. Litt glatt, men ellers fint. Går greit så lenge ein bruka stegjern og øks. Tau er også å anbefale, i tilfelle du dett.


Det e sjuuukt kult å klatre på store søylu med masse pipu og blomkål som rasla og knuse slik at det høyres ut som om nokon har endevendt ein porselensfabrikk.










"Heihei. E heite Sigbjørn, e e tindevegleiarn din for dagen. E ska sikre de idag. E har funne fram litt granbar som du kan stå på. Må jo skape litt julestemning."







"Etterpå ska e klatre den, og den, og den, og den to gongu, og den, og den.. 











Siggen traverserte eit lite stykkji ut frå den planlagte linja, te han følte at han va på tynn is. Då gjorde han som forhuden og trekte seg rooolig attende.






Dei kjekkaste isklatreran har aldri problem med å få seg klatremus. Denna får desverre ikkje feire jul igjen..








Både eg og Sigbjørn var einige om at detta hadde vore ein fin dag, og at me likte isklatring. Me va spesielt einige i at det e fint heime i Hallingdal, spesielt med alle dei flotte craga, islinjun, fjellsidun og bakkan. <3 <3 <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar