mandag 21. juli 2014

Førstebestigning av nordveggen på Nonsnipa

Ingen mat uten bønder (ca 13 tau.l, grad 6)

I går søndag 20. juli toppa eg Sigbjørn og Endre Nordveggen på Nonsnipa i Kjøsnesfjorden, via ruta Ingen mat uten bønder. 
Ruta går midt i veggen og byr på flott klatring i fast og vel sikra fjell. Sjølv om ein ofte må grave litt for å finne gode plasseringar, for det er vel berre å innrømme at det er litt grass i rissa! Men no er jo mykje av den jobben gjort. Bil til bil tok turen underkant av 12 timar, super artig. Absolutt vært å klatre!!

Toppen!

Fin rundtur!
Det var ingen god sti opp til innsteget! Men på veg ned fant me ein sti halvveges ned, som er ganske utydeleg, men blir bedre etter kvart. Den går i vest i Breelvskaret opp på den ryggen som ligg lengst vest.

1: 4-, Vått og vegetert
2: 5-, Hard fløtt rett etter stand , forbi eit par trær så inn i veldig flott dieder følg det eit stykke, gå ut venster, stand på spis stein.
3: 6, Start 2m til høgre for spis stein. følg opplagte formasjoner og riss. Det tyngst er å komme i land på stor hylle, ta stand der.
4: 5, Gå høgre på hylla ut på eggen følg den til det blir naturlig å gå inn i det våte diederet. følg det ei stund til du går ut i nytt dieder til venstre ( tørt og fint). Stand på god hylle.
6-10: 3-4, følg rett system mot venstre til det tar slutt.
11-13: 3-4-, Sikt opp og litt høgre, klatre der du har lyst

Alle standplasser er godt og ein får stort sett satt sikringar det man vil.
Ta med både store og små sikringar (trenger ikkje mange små).
Camalot 4
Små kiler
Mindre enn Camalot 0.3 kan og væra bra 
Først tau.l. litt våt og grassete 

Andre tau.l, Litt grass i starten ellers super

Tredje tau.l, flottaste lengda på ruta.
Endre støter på!
Tredje tau.l kjem opp på stor hylle med plen. 

Ganske bratt i starten.

Fjerde tau.l, Flott lengde med egg og dieder klatring. Diederet var vått og er nok ofte det.

Femte tau.l, frå femte lengda leger veggen seg og klatringa blir lettare.
Grad 3-4, utfordringa er å følge rett system.
men det er klatring heile vegen til toppe.

Toppen av veggen etter ca 650m med klatring!! Stor hylle!
herfrå ca 200m til toppen med grad 2. 

på veg til toppps.


returen var grei, men byr på litt forskjellige utfordringar 

søndag 13. juli 2014

Aktive Tider (8-)




Aktive tider ligger på Aktivdødshjelp sektoren til venstre for Harde tider. Morsom rute med tre bulder, av forskjellig karakter.




1: Bedre tider (7-)
2: Aktive Tider (8-)
3: Aktivdans (6+, nat)
4: Harde tider (5-)
Ender får til alt han vil!



søndag 29. juni 2014

Turklatring på Kvam



Heiåhå slår eit slag for turklatringa på Kvam, med to ny fjerde taulengder til Ugler i mosen. Ein som er full bolta og ein som er mix. Begge har standplass i tre på toppen, derifra gå man ned og tar ein kort rappell.
Knortesvaet (nr.1) er full bolta og er grad 5. Viss man vil øve på fleir taulengders klatring på bolt kan man gå Sjiraffen i 2 tau.l og så gå Knortesvaet. 
Balansekoden (nr.2) har 3 boltar og ein naturlig plassering (vassrett riss, rundt ein cm stor) og har fått grad 6-/a1. Eg måtte dra i øverste bolt for å komme opp, men det går ann å gå det i fri. Fin å gå etter å ha klatra Ugler i mosen.

1: Knortesvaet (5)
2: Balansekoden (6-/a1)
3: Sjiraffen (5+)
4 Ku på Jorde (7)
5: Gris til fjells (6+)
6: Ugler i mosen (4)


fredag 27. juni 2014

Sjiraffen (5+)

Sjiraffen startar til venstre for Snabelen og går forbi ankret på Snabelen og til toppen av veggen. Toppen på Sjiraffen kan og væra ein forlengelse på Snabelen.

Etter ein hard start (kanskje 6-) traversera ruta høgre inni Snabelen og vidder til toppen av veggen. Ganske lang rute som byr på variert klatring og god utsikt. Absolutte vært ein tur.

Bilde viser starten på ruta. Lykke til!

Gris til fjells (6+)

Kristoffer Hansen kosar seg på svaet.
Start med Gris på viddene og fortsett oppover då kjem du til fjells! Kan også starte i Ku i tunnelen, men detta er litt vansklegare. Flott forlengelse med mykje klatring.  Frå bakken er ruta 35m, so ta med nok kortslynger (16-17stk).
Veldig bra rute!!!!

1: Sjiraffen (Forlengelse på Snabelen) (5+) ny i 2014
2: Variant av Ugler i mosen. Gå andre lengda på Ugler i mosen 5m lengre. Så gå Sjiraffen (5+)
3: Snabelen (7)
4: Ku i Tunnelen (7-)
4+5: Starten i Ku i Tunnelen og Toppen på Ku på jorde (7-)
5: Ku på jorde (7) 
6: Gris til fjells (6+)
7: Humle på pungen (4+) nat
8: Ugler i mosne (4+) nat

onsdag 18. juni 2014

Ku på Jorde (7)

La bønda leve
Protest rute mot veldig dårlig landbrukspolitikk, av ei invalid regjering. Lure på kvifor folk har stemt på Høyre og frp. Mat må me ha, og me bør vel greie produsere den sjølv på ein dyre vennlig måte.

Ruta startar til Høgre for Ku i tunnelen, har to felles bolter med den ruta og fortsetter til toppen av veggen. Trur det akkurat går med 60m tau, men pass på ruta er nok nærmare 35m. Ta med nok kortslynger sånn ca 16stk, kan væra bra og forlenge dei to blotane som høyrer til Ku i tunnelen. Viss du velger å staret i Ku i Tunnelen har den varianten grad 7-.
Veldig veldig kul rute, anbefales!


1: Sjiraffen (Forlengelse på Snabelen) (5+) ny i 2014
2: Variant av Ugler i mosen. Gå andre lengda på Ugler i mosen 5m lengre. Så gå Sjiraffen (5+)
3: Snabelen (7)
4: Ku i Tunnelen (7-)
4+5: Starten i Ku i Tunnelen og Toppen på Ku på jorde (7-)
5: Ku på jorde (7)
6: Ikkje ferdig
7: Humle på pungen (4+) nat
8: Ugler i mosne (4+) nat

Magnus Går start Cruxet.

Ruta går til toppen av veggen, pass på tau enden når du firer ned. Kan gå bra med 60m tau:-)

mandag 16. juni 2014

Nytur i Hurrungane!

Etter det dramatiske møtet med elgen på Lauvnosryggen for nokre år sidan har det lenge råda ein skepsis og usikkerhet til denne tinden. Vi har ikkje heilt turt å bryte oss på, i frykt for kva anna ulumskheiter som kan forville seg opp i høgden. Vi har høyrt gjetord om både rovhare og vill-snø på desse tindane, og vi har difor latt fornuften råde og halt oss vekke.. Men, tida gjer noko med ein, og vi fant ut at tida var moden for revansj. Ikkje revansj på elgen riktignok. Den trur vi har funne roa på dei evige beitemarker. Men tinden, ja tinden skal revansjerast, og det til gangs!

Og slik gjekk det til:

Det var ein tidleg laurdagsmorgo i byrjinga av april. Me var oppe før fuglane feis og kjøyrde avgarde frå Sogndal til Turtiss. Målet var å kome lenger enn sist. Målet var Nordre Soleibotntind. Anmarsjen starta 07:30 frå bilen. Det er tidlig ass!
Det var varmt. Sjukt varmt. Ikkje eit vindpust i sikte. Fleece og skaljakke måtte vike tidlig. Klimakrise og alt det der. Me fekk virkelig kjenne det på kroppen.
Turen opp til ryggen gjekk greit, men det var overraskande tunge lår me hadde tatt med oss. Derfor satte me att ski og unødvendig utstyr rett før toppryggen.
Satte frå oss skia før toppen av ryggen. Lett jogg bort til fyrste rapell.

På med stegjern. Øks i handa tilfelle elgen har væra oss. Kva er verre enn ein hevngjerrig elg? - Ingen som veit. Få som har møtt på ein. Ingen som har overlevd.
Jostein går i forvegen og speider etter elg og villsnø. Øksa er klar.
Turen bort ryggen gjekk fint. Mykje villsnø. Lite stein å sjå. Me jobba litt med å finne rapellankeret ned til skaret. Men utstikten var fin. Utsikten var strålande.
Omtrent her mista vi elgen på forje tur. Best å vere på alerten no!
Vi rutsja ned rapellen og begynte å vandre bortover mot den vanlige renna opp til Soleibotntind. Været var godt, noko som gjorde til at snøen begynte å smelte. Fort. Vi blei utrygge på snøen i den vanlige renna og bestemte oss for å gå ein alternativ veg. Ruta såg veldig obvious ut så vi la i veg. 

Ruta går opp ei renne i høgrekant av biletet, før lett klyving ei lengde, også vidare bort ryggen.
Ruta begynte med ei ca 30-40meter lang renne i ca tilsvarende graders helling. Denna gjekk me til topps og ut i eit lite le til høgre der me på nytt samla tau og tankar. Alternativa var 1) klatre rett opp, 2) traversere ut høgre og inn i den vanlige renna. Alternativ 1 høyrtes soo mykje kulare ut. Og det gjorde me. Klatringa delte me inn i to etapper, då fyrstemann (Holo) gjorde eit dårlig vegvalg ca halvvegs i lengda, slik at andremann (Jostein) måtte kome etter og overta. Ingen dramatikk overhodet. Mest inni hodet.
Jostein er klar for å lede opp.
Frå toppeggen fortsatte ferden bort til hovudtoppen. Flott klyving i flotte omgjevnader. So nasjonalromantisk at ein nesten blir kvalm.
Flott rygg! (Fjellryggen altså.)
Toppen blei bestege med god margin og i fin stil. Ein fjell-fie på toppen var sjølvsagt eit must.
Alpinist-Jostein og Tinde-Holo.
Som godt bereiste tindebestigera me er måtte me sjølvsagt ta eit og anna naturfoto på toppen. Midt i horisonten her ser de forresten den karakteristiske Gaustadtoppen. Sikkert kjent for mange.
Fantastisk vær og utsikt denne april-dagen.
Tida gjekk nesten frå oss. Jostein måtte heim til fruen, og underteikna hadde eit fuktig årsmøte han måtte rekke. Me tok derfor fyrste rapell ned igjen og småjogga tilbake til skia våre. Me var nede igjen ved bilen ca klokka 16:30. Null stress, skidress.

Rapell. Ruta går rett venstre for biletet.
Turen enda meget bra. Då me kom heim fant Jostein ut at denne turen ikkje stod oppført i nokon førar. Jostein tok sporenstreks kontakt med Anders Wollan i redaksjonskomiteèn for den nye føraren. Tonen var god, og dei fant straks ut at dette kunne registrerast som nytur. Ruta blir heitande "Vestveien", og er antatt grad 2-3.

God tur.

Mvh
Jostein R.Sanderud og Odd-Eivind Holo
- Tindebestigerar.