mandag 16. juni 2014

Nytur i Hurrungane!

Etter det dramatiske møtet med elgen på Lauvnosryggen for nokre år sidan har det lenge råda ein skepsis og usikkerhet til denne tinden. Vi har ikkje heilt turt å bryte oss på, i frykt for kva anna ulumskheiter som kan forville seg opp i høgden. Vi har høyrt gjetord om både rovhare og vill-snø på desse tindane, og vi har difor latt fornuften råde og halt oss vekke.. Men, tida gjer noko med ein, og vi fant ut at tida var moden for revansj. Ikkje revansj på elgen riktignok. Den trur vi har funne roa på dei evige beitemarker. Men tinden, ja tinden skal revansjerast, og det til gangs!

Og slik gjekk det til:

Det var ein tidleg laurdagsmorgo i byrjinga av april. Me var oppe før fuglane feis og kjøyrde avgarde frå Sogndal til Turtiss. Målet var å kome lenger enn sist. Målet var Nordre Soleibotntind. Anmarsjen starta 07:30 frå bilen. Det er tidlig ass!
Det var varmt. Sjukt varmt. Ikkje eit vindpust i sikte. Fleece og skaljakke måtte vike tidlig. Klimakrise og alt det der. Me fekk virkelig kjenne det på kroppen.
Turen opp til ryggen gjekk greit, men det var overraskande tunge lår me hadde tatt med oss. Derfor satte me att ski og unødvendig utstyr rett før toppryggen.
Satte frå oss skia før toppen av ryggen. Lett jogg bort til fyrste rapell.

På med stegjern. Øks i handa tilfelle elgen har væra oss. Kva er verre enn ein hevngjerrig elg? - Ingen som veit. Få som har møtt på ein. Ingen som har overlevd.
Jostein går i forvegen og speider etter elg og villsnø. Øksa er klar.
Turen bort ryggen gjekk fint. Mykje villsnø. Lite stein å sjå. Me jobba litt med å finne rapellankeret ned til skaret. Men utstikten var fin. Utsikten var strålande.
Omtrent her mista vi elgen på forje tur. Best å vere på alerten no!
Vi rutsja ned rapellen og begynte å vandre bortover mot den vanlige renna opp til Soleibotntind. Været var godt, noko som gjorde til at snøen begynte å smelte. Fort. Vi blei utrygge på snøen i den vanlige renna og bestemte oss for å gå ein alternativ veg. Ruta såg veldig obvious ut så vi la i veg. 

Ruta går opp ei renne i høgrekant av biletet, før lett klyving ei lengde, også vidare bort ryggen.
Ruta begynte med ei ca 30-40meter lang renne i ca tilsvarende graders helling. Denna gjekk me til topps og ut i eit lite le til høgre der me på nytt samla tau og tankar. Alternativa var 1) klatre rett opp, 2) traversere ut høgre og inn i den vanlige renna. Alternativ 1 høyrtes soo mykje kulare ut. Og det gjorde me. Klatringa delte me inn i to etapper, då fyrstemann (Holo) gjorde eit dårlig vegvalg ca halvvegs i lengda, slik at andremann (Jostein) måtte kome etter og overta. Ingen dramatikk overhodet. Mest inni hodet.
Jostein er klar for å lede opp.
Frå toppeggen fortsatte ferden bort til hovudtoppen. Flott klyving i flotte omgjevnader. So nasjonalromantisk at ein nesten blir kvalm.
Flott rygg! (Fjellryggen altså.)
Toppen blei bestege med god margin og i fin stil. Ein fjell-fie på toppen var sjølvsagt eit must.
Alpinist-Jostein og Tinde-Holo.
Som godt bereiste tindebestigera me er måtte me sjølvsagt ta eit og anna naturfoto på toppen. Midt i horisonten her ser de forresten den karakteristiske Gaustadtoppen. Sikkert kjent for mange.
Fantastisk vær og utsikt denne april-dagen.
Tida gjekk nesten frå oss. Jostein måtte heim til fruen, og underteikna hadde eit fuktig årsmøte han måtte rekke. Me tok derfor fyrste rapell ned igjen og småjogga tilbake til skia våre. Me var nede igjen ved bilen ca klokka 16:30. Null stress, skidress.

Rapell. Ruta går rett venstre for biletet.
Turen enda meget bra. Då me kom heim fant Jostein ut at denne turen ikkje stod oppført i nokon førar. Jostein tok sporenstreks kontakt med Anders Wollan i redaksjonskomiteèn for den nye føraren. Tonen var god, og dei fant straks ut at dette kunne registrerast som nytur. Ruta blir heitande "Vestveien", og er antatt grad 2-3.

God tur.

Mvh
Jostein R.Sanderud og Odd-Eivind Holo
- Tindebestigerar.


1 kommentar: