lørdag 6. oktober 2012

HelgE-tur

Så har me opplevd det og..

Halv åtte laurdagmorgo, 6 alpinistar stiller til start frå Statoil i Sogndal, med auga vendt mot Hurrungane. Planen er å gjere eit alpint støt på Soleibotntraversen, via Lauvnostind. I bilane sit Steffen, Elinor, Ken-Eivind, Sigbjørn, Einar og Odd-Eivind. Siggen kjøyrer fort som faen innover fjorden og oppover bakkan mot Turtagrø. På bil-stereoen syng sambygdingen vår Stein Torleif om Øvre-Ål Resort. Flotte Øvre-Ål!

Ca klokka 9 sett me igang frå parkeringen sør for Lauvnostind. I friskt NorTind-tempo leda Siggen an innover stigen og opp bakkan. Været e kaldt, litt vind, noko føyk, og snøen ligg kvit og fast. Det ligg an til ein frisk haust/vinterbestigning. Einar gler seg, han skal endelig bli alpinist!

Foto: Ellinor Falkgjerdet


Me kjem opp på flanken som leiar opp mot ryggen. Så kjem det frå Siggen; - Eit spor!  E det folk? Nei, det eit dyr!  Diskusjonen går i gruppa. Kan det vera rein? Hjort? Klauvdyr e det vertfall.
Me vandra vidare oppover. Spora følger ryggen, og jeger og fenrik Gimmestad slår fast at det er ganske ferske spor. Turen går oppover ura, og plutselig høyrer me frå Siggen. Det e faen me ein elg! ein ELG! SJÅ! Og jaddi va're ein elg. På nesten 1900moh i 40cm snø står elgen og gjer sitt fornødande.. Elgen værar oss og spring vidare oppover. Me blir ivrige og følgjer på. Denna fjell-elgen vil me sjå på nært hald!

Foto: Ellinor Falkgjerdet


Høgdemetrane kryp oppover og ryggen blir kvass. Veldig kvass. Elg-spora følgjer framleis ryggen.
Innad i gruppa blir vi einige om å prøve å gå litt lenger ned i sida for å gje elgen ein sjanse til å snu og gå ned igjen. -Dumme elg som forvilla seg opp i høgda..!

Topp-eggen er nådd. Elg-spora er framleis i front. Me går forbi pasasjer som er sopass eksponert at all menneskeleg logikk fortel at her burde ein halde seg godt unda. Elgen derimot har gått på skavlar, og stoppa på luftige kantar. Her har me tydeligvis og gjere med ein alpinist-elg. Ingen tvil om det!

Gruppa stoppar opp.

Foto: Ellinor Falkgjerdet

Kva gjer vi? -Dersom vi fortsett vil vi til slutt kome til stupa ved rapellane. Såvidt vi såg hadde elgen verken med seg tau eller sele. Siggen fortel at NorTind ikkje har noko innarbeida metodesett for møte med elg i alpint lende. Skepsisen brer seg i gruppa. Dersom vi går vidare no kan to ting skje: 1) Elgen blir desperat og valdelig, og går til angrep på oss. 2) Elgen blir desperat og suicidal, og hoppar.. Uansett kan det bli stygt. I verste fall går liv tapt. All fornuft seier oss at vi bør snu, og la elgen få fortsetje traversen i sitt tempo..

Foto: Ellinor Falkgjerdet

Vi snur og går til bilen. Siggen er skuffa over det alpine nederlaget. Ellinor er engstelig for alpin-elgen. Ken-Eivind er stolt over flaska si med elg-klistremerke. Men samtlege er superklare for ei go'økt på Kvam!






Men så; på veg til Sogndal, midt mellom Skjolden og Luster blir vi stoppa. Eit steinras har sperra vegen. Fjellrenskar Gimmestad kan fortelje at dette er store og farlege steinar. Me snur (igjen), og kjøper godis i Skjolden. Klatring er det berre å drite i idag..

Turen blei verken alpin eller ekstrem. Men det er ingen tvil om at denne turen er ein av dei vi kjem til å hugse lenge..


søndag 30. september 2012

Styggedalstind x 2


Det har blitt to finne turar på Styggedalsryggen i Høst/sein summar, begge vart i nordsida. Kjempe fint område, alpint og passe bratt. 
Gule linja gjekk me på nortin kurs samman Nils Nilsen og Tore Bjørnstad. 7  Tau.l   3'er klatring . For det meste opptaksklatring, leger seg mot toppen. Toppar ut rett på toppen(vest). Klatringa startar på ei hylle der den gulestreken har ein spiss.
Raude linja gjekk eg samman med Anna Karin Berggren og Tore Bjørnstad. Linja er ein tydleg renneformasjon som drar frå aust mot vest. Når me gjekk den var det stort sett snø og litt is, viss eg skal gjette vilt på bratthet, opp mot 50 grader kanskje. 
Første tau lengde, fin vedvarande klatring. Denna formasjonen er lett å sjå frå hylla.
Tore har ledda opp og Nils vente utålmodig på stramt  tau.
Her er og noko bilder http://www.alpineaddiction.no/nortind-climbing-and-glacier-course/.

Meir opptaksklaring og slakare mot toppen. 5 eller 6  taulengde.
Hær er me nok inne på nordvesttryggen og Nils venter forsatt på stramt tau!!
Perfekt å sykle inn Helgedalen og opp til oppdemte vatne, vertfall  veldig bra ned. True det luraste er å gå inn Styggedalsbreen og eit vestvent skar opp til Gjertvassbreen når det har kommi ein del nysnø, for det er noko dritt å gå i steinur med 30cm nysnø.
 
På veg opp Gjertvassbreen til renna, var ein skikkelig jobb.
Renna bøy på fin snø å klatr i, Tore var ikkje til å stoppe.
Tøff plass. Karin kosar deg stort.
Litt is og hard snø er ikkje å forakte.


Me gjekk den tydlege renna midt i bilde

Utsikt til vesttoppen, Centraltind vesle og store Skagastølstind
Varmt og godt på toppen. 

Gode forhold på breen. Me gjekk ned til Gjertvasskaret og ned breen til me kom inn på  spora  våre.

Nede på Styggedalsbreen med Skagastølsryggen i bakgrunn. 


mandag 24. september 2012

Me få sjå (7-)

Lenge sida eg har topptaua so mykje på ein 7- før eg leda den......Det gjekk jo fint! Me få sjå (på sikringane) har ein lang crukxsekvens frå første stud til ca. midt i ruta. Kjempe artig klatring og gode sikringar, klassikar. For dei med godt syn som har sett paden, så kan eg si at det er heilt tilfeldig at den er der!!





torsdag 13. september 2012

Bratt.no (7+)

Kvile

Etter mykje jobb vart endelegg ruta ferdig, men det kjem meir so ikkje vær redd. 
Bratt.no går opp litt rufsete greir (lett og ofte vått:-) til man står under/foran eit langt takoverheng. Då er det berre å spasere bort  og runde kanten. Ruta ligger til venstre for Aktiv dødshjelp.
VELDIG KULT!!


spasere



Detta blir kult!!!



lørdag 18. august 2012

Nye ruter i Plommehagen.

Vegard V. har en unik evne til å finne tid!

Sommerferien er over på Kvam og børstene får kjørt seg, Vegard gjenopplivet boltemaskina og satte opp to nye ruter i plommehagen. 

Zenit (7-)
Ei flott linje som går opp den største veggen i granholtet, mellom rute 26 (på tur i skogen) og rute 27 (endelig) i føreren. Rute er selvstendig og følger bolterekka og ikke naborutene!

Vegard ute og pusser etter leggetid.

Gul ledetrøye (7-/7)
Nok en stilig rute som går mellom rute 9 (thors hammer) og rute 10 (bratt og glatt), de to siste bolten og ankeret er felles med Thors hammer. Graden er foreslått og tilbakemelding mottas.

Ingen ting å utsette på ferdighet og effektivitet 


Førstebestigning


Hallingfall (8)

E var veldig nervøs når e gjekk over siste sikring, ein totemkamen som fløta litt på seg. Sånne ting må ein berre dytte bort og ikkje tenke på .........så fekk e låst kne litt beder en før, greier å kalka opp og få den gode ein fingerlåsen.....kjempa mreg videre og kom meg i land.

Hallingfall er ein skikkeleg rute, veldig bratt og veldig kort. 
Graden er 8 eller 8-, foreslår 8.



Første forsøk

tirsdag 14. august 2012

LilleBohus

Alle linjene er naturlig sikra og har anker (nesten alle). Linjene er fine og alle har ein form for karakter, med andre ord din er vert og klatre. 
Gradane er foreslått etter beste evne, så kom gjerne på innspel. Viss ikkje blir det ståane sånn det står. 
Ellers vil eg nevne at fjellet er veldig grovt så pendling med tau gir lett strømpe kutt. Sett styreforankringer ved topptauing.