Det har blitt to finne turar på Styggedalsryggen i Høst/sein summar, begge vart i nordsida. Kjempe fint område, alpint og passe bratt.
|
Gule linja gjekk me på nortin kurs samman Nils Nilsen og Tore Bjørnstad. 7 Tau.l 3'er klatring . For det meste opptaksklatring, leger seg mot toppen. Toppar ut rett på toppen(vest). Klatringa startar på ei hylle der den gulestreken har ein spiss. Raude linja gjekk eg samman med Anna Karin Berggren og Tore Bjørnstad. Linja er ein tydleg renneformasjon som drar frå aust mot vest. Når me gjekk den var det stort sett snø og litt is, viss eg skal gjette vilt på bratthet, opp mot 50 grader kanskje. |
|
Meir opptaksklaring og slakare mot toppen. 5 eller 6 taulengde. Hær er me nok inne på nordvesttryggen og Nils venter forsatt på stramt tau!! |
|
Perfekt å sykle inn Helgedalen og opp til oppdemte vatne, vertfall veldig bra ned. True det luraste er å gå inn Styggedalsbreen og eit vestvent skar opp til Gjertvassbreen når det har kommi ein del nysnø, for det er noko dritt å gå i steinur med 30cm nysnø. |
|
På veg opp Gjertvassbreen til renna, var ein skikkelig jobb. |
|
Renna bøy på fin snø å klatr i, Tore var ikkje til å stoppe. |
|
Tøff plass. Karin kosar deg stort. |
|
Litt is og hard snø er ikkje å forakte. |
|
Me gjekk den tydlege renna midt i bilde |
|
Utsikt til vesttoppen, Centraltind vesle og store Skagastølstind Varmt og godt på toppen. |
|
Gode forhold på breen. Me gjekk ned til Gjertvasskaret og ned breen til me kom inn på spora våre. |
|
Nede på Styggedalsbreen med Skagastølsryggen i bakgrunn. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar