fredag 15. januar 2021

Gurin Med Reverompa M7+, 130m

 

Gurin med reverompa er ei mix rute over fleire taulengder, som er sikra med bolter og isskruer. Solan og Ludvig meiner ruta byr på bratt, fin og gøy klatring på stein og is. Ein mix klassiker.
Ruta blei til over tre dagar i januar 2021. Eg brukte to dager på å finne linja og bolte, og ein dag på å klatre. Då eg bolta ruta gjekk eg inn på ski frå Mollansmarki og til toppen av ruta. Då me klatra ruta gjekk me frå Morki i Indre Hafslo. Ruta er heilt sikkert mogleg å klatre med meir is, men med mindre is er eg usikker; den vert i såfall hardare.


1: (W5)
2: Gurin Med Reverompa (M7+)
3: Spildrefossen (W4)

Gurin Med Reverompa

(Sigbjørn Veslegard, Thor Espen Fugelsøy 14.01.21)

3. tau.l, 130m
M7+

innsteg

Gurin Med Reverompa

1: M6,W3, 60m, 9 bolter: Starter i høgrevendt dieder, opp til hylle. Videre opp i venstre kant av hylla forbi ny hylle, og opp til slakere terreng. Slak is ca 20 meter, til stor hylle under bratt toppvegg. Bolta stand ved nedisa tre til venstre for bratt høgrevendt dieder. Kan delast opp for å unngå taudrag. 

2: M7+(W6), 45m, ca 20 bolter: Opp bratt dieder til hyller og ramper med is, opp videre til drag med is som går mot høgre. Forlat draget når isen sluttar og du ser lause steinar; klatre då opp og venstre. Bolta stand. 

3: M7, W3, 4 bolter: Opp isen til bratt opptak på høgre side av issøyle gjennom isgardin på toppen av brattveggen. 10 meter med slak is til stand i bjørk.


Sikringer
Bolter og isskruer. 
Korte isskruer, antall vil variere med mengde is. Me brukte maks 4 isskruer pr taulengde.

Tau 
2 halvtau, 60 meter 
Viss ein deler opp første tau.l, er det tilstrekkeleg med 50 meter.

HMS
Sikkert lurt å rappellere ned ruta for å slå ned istapper og finne boltane, viss det ikkje allereie er gjort. Andre standplassen midt i brattveggen har rappellringer.

Retur 
Frå toppen kan ein gå ned til den store hylla under toppveggen på bratt rampe. Rappell frå den store hylla, 50 meter. 

Starten på andre tau.l

Toppveggen

Ruta ligger
Ruta ligg på vestsida av Molden i Luster kommune mellom Gaupne og Hafslo. Når ein køyrer på rv55 mellom Hafslo og Gaupne, tek ein av mot Morki. Parker ikkje langt frå Spildrefossen. 

Det er også mulig å gå frå Mollandsmarki. Då kjem ein til toppen av ruta. Det er nok lurt dersom det er mykje snø. Følg stien til Molden ved Skjødnaklanten og gå rett nord. 


Svart kvitt og fine farger

første tau.l

første tau.l

første tau.l

første tau.l

andre tau.l

andre tau.l



andre tau.l

andre tau.l


tredje tau.l

tredje tau.l


andre tau.l

andre tau.l

andre tau.l

2019


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar