mandag 29. juni 2020

Nordveggen på Bjøbergnuten

Nytur på Bjøbergnuten nord, Hemsedalfjellet - "Fønvind"- 4tl. Grad 3.
Jostein og Holo klatra fredag 27.juni opp nordaustsida på Bjøbergnuten. Ruta fylgjer enklaste/mest interessante veg opp ryggformasjonen i venstrekanten av bolle - sett frå vegen. Frå Hemsedal: Ta av RV52, parker i god lomme ved Steinbustølen (fyrste stikkveg på høgre side etter Bjøberg). Frå parkeringen kan du skimte ein markant bolleformasjon med riss og renner, mogleg ligg det snø i botten av bollen. Sikt på denne og trask i veg. Anmarsj ca 50min.
Fjellet er fast og fint - klatringa triveleg og tidvis eksponert. Velsikra! Ruta byr på fin klyving, med fleire opptak opp mot grad 3. Nokre opptak og alternative vegval kan gi både større og mindre utfordringar for dei som vil ynskjer det. Vegghøgde omtrent 180m. Flott turklatring. Ypperleg for deg som vil øve fjellklatring på eigne sikringar, eller for deg som treng ei pause frå steikande sumarsol.. 
1.tl - 3. 30m
2.tl - 1-2, transport. 30m
3.tl - 2-3. 60m
4.tl - 2-3. 60m

Jostein ved innsteget. Varda. 
Holo på led, 1.tl.
Jostein i fint driv inn til fyrste veksling.
Jostein opp til 3. Standplass.
Mogleg brattare alternativ for andremann i siste taulengda. Grad 5-6ish.
Uttopping, sitjande standplass i mjuk og fin reinlav. 
Gutta på tur. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar