fredag 5. august 2016

Årets klatreferie

Då kan me sette kryss i taket for då skal jammen Steffen blogge litt også.

Som det framgår av biletet var årets oppladning til klatreferie aldeles optimal:



Ein solid akillisbetenelse som har akumulert seg over to og eit halvt år gjorde sitt til at ambisjonsnivået var skyhøgt! Eit realt eksempel på at løysinga på dei fleste skavankar er berre å la det skure og gå. Kanskje også prøve å jogge det av seg.

Etter ein del fram og tilbake enda årets ekspedisjon for min del i Hemsedalsområdet saman med vår alles kjære eks nordmann, no kanadier, Ken Eivind. AKA "The Rocket of the Canadian Rockies"

Ingenting å seia på anmarsjtempoet

Vi møttest i Lærdal der, miljøbevisste som me er, valgte å sette att min bil og durte avgarde til Hemsedal og etablerte leir ved vegs ende mellom Skogshorn og Skurvefjell. Her traff me omlag heile Nortind som for anledninga sat å drakk tynn grønn te saman med Nils Faarlund. Me hadde sjølvsagt klart å fått turen vår til å klaffe med Krigskulens årlege fjellkurs i Hemsedal.

Me sette opp leir litt for oss sjølv og smakte litt på den lokale styrkedrikken, kjennt for å gje psyke av stål og uovertruffen tru på seg sjølv:



Målet for første klatredagen var Kolsrudflaget og ruta Flåklypa Grand Prix (5+)
Her traff me Hallingdal sin eigen utskremde guide med to vener på slep på naboruta som han har omtala i ein annan tråd. Det vart ein triveleg tur i godt selskap opp svaet som me synest var bratt nok.
                                                   På grensa til overhengande sva faktisk

Vidare criuste me til Gol saman med Siggen og co og fekk smakt på ordenteleg god burger. Godt insj!
Etter maten sa me farvel til dei lokale og ville prøve å klare oss sjølve ei stund, det gjekk slik nokonlunde. Me sette oss i bilen som Ken Eivind hadde fått låne av sin søster og kjørte til biltema for å handle ei hovudlykt, greit nok. Ute i bilen att kom der ingen betryggande brumming frå motoren når me vrei på nøkkelen. Berre tikking og ymse andre mindre prisverdige lydar. Rådayra var no gode og me fekk hjelp til å diagnostisere batteriet, om sjølvsagt var gåent. Vel, flax at Biltema var ca 11,5 meter frå der me stod=) Nytt batteri vart innkjøpt, kalsiuimbatteri må vite, av beste sort! Bilen starta og me skar avgåre til leiren att for å lade opp til Demonstranten på skogshorn dagen etterpå.
Natta foreløp utan vidare dramatikk og me var klare for avmarsj i sjutida, sette oss i bilen og starta opp.....raud lampe.....batterilampe....Vel, avgårde til Gol att på Ford, no var rådyra så gode at dei smakte elg! Ein hyggeleg mekanikar sjekka kjappt over kjerra som no atter ein gang var fri for straum og konkluderte med at her måtte ny dynamo til. Den kunne dei kanskje ha til i morgon.
Kort oppsummert brukte me to og ein halv time på telefon for å prøve skaffe leigebil via forsikring og kanadisk NAF utan hell. Så me leigde oss ein doning for så å køyre til Lærdal å hente min bil og attende. Det var berre nett såvidt me klarte å ta det som ein tur.
Me fekk klatra litt i frå oss på Natten og køyrde oppatt til leiren etter å ha handla meir styrkedrikk. Denne natta foreløp ikkje heilt utan dramatikk, om men ikkje for oss. I det me sat med styrkedrikken og chipsposen i leiren kom luftambulansen inn under Skogshorn og for der og kretsa fram og tilbake. Noko var heilt tydeleg i gjære og me hadde underhaldning fram til me la oss.

Vel så kom dagen for Demonstranten på Skogshorn. Me fann ut at me ville slå eit slag for å protestere mot kjipe dynamoar og lite servicevennlige forsikringselskap. Me labba avgårde etter å ha sjekke siste værvarsel og oppdatert oss på redningsaksjonen på Skogshorn som no var over. Me prøvde å glatte over vår eigen nervøsitet knytt til den majestetiske linja med å fjolle om at me nok kom til å finne spor etter høghælte sko på anmarsjen etter dei uheldige damene som heldigvis blei redda ned i løpet av natta etter å ha klatra seg fast.
Me fann ingen slike spor, men derimot dette på insteget av ei anna rute. Me slit enda med å tolke kva det skal bety.

Ja, det er ei spiseskei i ein sprekk......

Klatringa på demonstranten er faktisk veldig fin. Første to lengdene slo me saman og fjellkvaliteten kjem seg veldig fort etter litt "kjeks aktig" fjell første meterane. Demonstranten er rimeleg bratt og luftig men samstundes er ikkje grad 5 feil. Her er mykje gode tak og  ikkje minst god friksjon. Ei verkeleg flott, eksponert og luftig rute.

Bilete teke frå Demonstranten retning sentralpilaren


3. taulengde byr på NYDELEG offwith klatring. Eit retteleg så flott kroppsriss.


Ken Eivind etter ei nydeleg ofwithlengde med stor ryggsekk. Slikt vert det underhaldning av.


Toppa ut og fortener ei fjøyr i hatten tykkjer eg


Tau etter bergingsaksjonen som pågjekk natta før. Ser ut som klatrarane har klatra feil på ruta "overaskelsen" og gått seg fast. Overaskelsen går etter det eg skjønar rett til høgre for eggen på biletet.

Etter å ha toppa ut gjennsod berre nokre høgdemeter med grusrenneretur (ala New Zealand i følge KE), ein is på Ulsåk fjellstove og henting av Ken E sin bil som var klar på verkstad.


Alle var einig om at det hadde vore ein fin tur =)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar