tirsdag 16. februar 2016

Spektakulær isklatring i Sognefjorden

Det hender av og til, når ein bur i Sogndal, at ein blir lei av å stå på ski. Då er det godt å vite at me ikkje berre har den beste snøen og dei flottaste fjella. men at me også har den glattaste isen og den lengste fjorden..


I dag nytta eg og Sigbjørn høvet til å lufte klatreøksene våre i naturskjønne omgjevnader, nettopp på glatt is ved Sognefjorden.


På vegen ut mot Fimreite renn det ei elv som nokre vintrar rekk å fryse på før våren tek ho. For å få klatra denne må ein fyrst ta ein ca 60m lang rapell, heilt ned til fjorden. Ein står då på ei lita hylle omtrent 3 moh. Unikt.


Det er ikkje kvar dag ein klatrar is og høyrer isbitane plaske i fjorden. Ein bør soleis også ha med flytevest i tillegg til hjelm blant tryggleikstiltaka på denne turen.


Flott is med mange moglegheiter til turen opp. Ta med eit lite rack med kiler og cams, så kan du gjerne mixe deg opp.



Tips til turen: Ta med fyrstikk og svartkjele, rigg topptau og gjer ein dag ut av det.




1 kommentar: