onsdag 8. juli 2015

Status oppdatering

No, når halve året er gått, er det på tide med ei lita oppsummering av året så langt.

Ved kvar årsfest vert vi einige om eit felles mål for det komande året. Dvs. Sigbjørn kjem med eit forslag som vert banka igjennom utan betenkningstid frå oss andre.
Årets mål vart: persing på sportsklatring. Vidare føljer ein statusrapport ang. dette målet.


Sigbjørn
Årets mål: 8a+
Sigbjørn vart, ikkje overraskande, første mann til å nå årets mål. Etter nokre forsøk, vart det ei solid bestigning av Stjerner i sikte ut på våren. Etter den tid, har han brukt tida på grave mose og grassvandring i Kjøsnesfjorden. Rundar nok 50 turar på Storen ila sommaren.
 


Jostein
Årets mål: 6c+
Alpinisten og akademikaren Jostein er i ferd med å bli glad i bolt! Sist observert på ein 7a+ på Kvam, med uttalelsen: Dette var jo gøy! 2-3 økter til så vil eg tru årets mål er i boks for denne karen. Hoppar like så godt over nokre gradar. Respekt!
 


Odd Eivind
Årets mål: 7b+
Avslutta fjorårs sesongen på feiande flott vis. Etter ein god vinter vart det bråstopp på årets første uteøkt då han drog på seg albuevondt etter manglande oppvarming på bratte tak. Er på veg tilbake til gammal form sakte men sikkert. Skal på treningsleir med Jostein til Dolomittane i sommar. Bør ha funne formtoppen før 15.sept grunna familieauke. Er og rockestjerne(på lavt nivå)og lider til tider av føljene rocklivet bringer i form av lange turnear og seine kveldar.
 


Thor Espen
Årets mål: 7c
Milevis unna årets mål. Drog på seg senebetennelse i kirka når han døypte sonen sin. På bedringens veg, og har absolutt potensiale for persing ila hausten. Thor har og eit litt større overordna mål. Det er å perse på eit eller anna vis, kvart år fram til han er 40. Dette har pågått ein del år allereie, og har gått veldig bra til no. Vi ønsker deg lykke til framover med dette, og har stor tru på deg.
 
Steffen
Årets mål: 7b+
Fått seg hund, og blitt bygutt. Kanskje den av oss som har mest tid i tau ila eit år og jamt over sterk. Her gjelde det berre finne flyten og riktig rute. Gjerne ei tynn, krimpete rute, som er tørr ei dag i året, langt inne i ein dal ingen har høyrt om, så går det nok mot persing.


Vegard
Årets mål: 8a+
Denne herremannen, mentoren, som vi ein gang kalte han, har kanskje den lengste vegen å gå. Han får verkeleg svi for at han ein gang (på 90-talet) var sterk. Med 2-3økter på Kvam så langt i år skal det godt gjerast å overgå seg sjølv. Når det er sagt har han dratt seg opp ein 7b i år på gammal rutine. Resten av gjengen gledar seg til vi blir så gamle at vi og kan cruise opp gamle klassikarar med minimalt treningsgrunnlag på samme måte som Vegard.


Eric
Årets mål: 7b+
Årets uttalte mål: 7c
Einaste pers i år: sikringspers på Stjerner i sikte(8a+)
Minst like langt unna som Thor. Håpar sporadiske Beastmakerøkter skal ende opp i gull og grønne skogar. Plan B er at rutinen skal slå til i år og hjelpe meg eit godt stykke på vegen. På den positive sida er at eg har fått pussa litt nye prosjekt. Meir om det seinare.


Med andre ord, det går feil veg med dei fleste av oss. Det fine er at vi kosar oss på vegen.
God sommar folkens!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar