søndag 11. mai 2014

Nye bulder på Ylvisåker

Har pussa fram to nye bulder på Ylvisåker. Begge av sjølvsagt høg kvalitet. 

Steinane har etablerte ruter på seg frå før. Anar ikkje kva steinane heiter. ?

Pussa vekk litt torv, hogde vekk ein stamme, og pussa fram ei rute. Den vart sjølvsagt heitande "Stamruta". Sitstarten er fin og flott. Her må ein berre stramme alt ein har av magemuskler for å kome igang. Tippa graden ligg ein plass mellom heftig 5'er og slapp 6'er ein plass. Treng verifisering på detta.
Det er potensial for ei rute til rett venstre for den innteikna ruta, samt ei rute rett høgre for Stamruta. Altså rett venstre for treet.

Torkjel prøver å andrebestige ruta. Torkjel og steinen vart ikkje heilt kompisar denne dagen.

Den andre ruta er ein travers, som krev noko styrke (force) av musklane i skuldra (Delta). Derav Delta force. Tippa detta også ligg ein plass på slapp 6'er-grad. Du byrjer heilt på hjørnet i opplagt glad-tak, og følger kanten nokre meter før ein toppar ut i flaket til Tigergutt.


Opplagt rute. Stilig travers.



Det er mykje potensial her, berre ein røsker litt i torva og høgg vekk litt av skogen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar