søndag 16. desember 2012

Litt isklatring

Gode isforhold i Sogndalsområdet om dagen. Gjerne om natta med, men då er det så mørkt og vanskelig å sjå.
Eg og Kristian Pettersen var ute på Fimreite igår, og gjorde unda to flotte ruter. Rutene ligg omtrent på det avmerka området på kartutsnittet under. 

 Den fyrste vi gjekk ligg heilt innmed vegen, og du kan praktisk talt sitje i bilen og sikre. Men det er ikkje å anbefale. Sìget har omtrent 60 meter med klatring. Isen varierte, men var for det meste ganske god. Dei fyrste 20 metrane er svært lett. Vi gjekk usikra opp til ein stein på høgre side i biletet og lagde standplass der. Etter dette var det ca 40 meter med kjekk klatring. Kristian fikk leden på dette siget. Nedanfor ser du Kristian i rapellen ned igjen. Vi gjekk ca i rett linje rett til høgre for der Kristian er på biletet.


Etterpå heiv vi oss fort rundt, kjørte ca ein kilometer videre utover og parkerte på ein større møteplass. Biletet under viser den flotte fossen. Her og fekk vi ca 60meter med lett klatring. Underteikna leda ann, og fikk klyving på eit akkurat passe led-nivå i forhold til eigne skills.. Meistringsgleda var stor! Anmarsjen til innsteget tar ca 2 min, og du går lett oppover bekken. Meget nIce. Kjekke små opptakter før du kjem til der den seriøse delen byrjer.

Her er fossen i mørket, sett nedanfrå.

Fossen sett frå standplass. Ein kan også gå nokon fleire enkle opptakter vidare oppover, kanskje ca 40meter til med lett klyving. 

Sånn går no dagan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar