Me gjekk Ragni ruta W5/M4 (vestsida) over Col Standhardt og tilbake over Col Standhardt M4.
mandag 31. desember 2012
onsdag 19. desember 2012
Guillaumet
Me klatra Amy-Vidailhet (65 graders snø grad 5 klippe) på Guillaumet (2580m).
Me gravde snøhulle etter alle kunstens regla. |
Etter ei natt i snøen, starta me å gå i godt vær. |
Det var folk på fjellet og. To lag på Marmoz, begge laga snudde på grunn av is og snø som datt ned når det vart varmt. (kjempe rart) |
Været var ganske bra om mørgon. |
Det vart ca 3 tau.l med snø. |
God gamal fjellings, morsom 4-5 klyving. 4 tau.l. |
Topp snøfeltet |
Gullrekka! Egger er nok de vanskligasa fjellet å komma seg på i område. Col Standhardt er vegen til vest sida(normalvegen) på Cerro Torre. |
Cerro Torre |
Det er berre ein måte å komme seg ned, rappellere, rappellere rappellere, rappellere |
Eit Italiensk lag klatra Supercanalete på søndag, var vist godt forhold i renna men ein del rim og laussnø iøverste del.
4 Lag på Poincenot, trur alle kom opp.
Nokon amrikanera var i torredalen og prøvde seg på Standhardt, men det var for mykje snø og ting som raste så dei snudde.
søndag 16. desember 2012
Litt isklatring
Gode isforhold i Sogndalsområdet om dagen. Gjerne om natta med, men då er det så mørkt og vanskelig å sjå.
Eg og Kristian Pettersen var ute på Fimreite igår, og gjorde unda to flotte ruter. Rutene ligg omtrent på det avmerka området på kartutsnittet under.
Den fyrste vi gjekk ligg heilt innmed vegen, og du kan praktisk talt sitje i bilen og sikre. Men det er ikkje å anbefale. Sìget har omtrent 60 meter med klatring. Isen varierte, men var for det meste ganske god. Dei fyrste 20 metrane er svært lett. Vi gjekk usikra opp til ein stein på høgre side i biletet og lagde standplass der. Etter dette var det ca 40 meter med kjekk klatring. Kristian fikk leden på dette siget. Nedanfor ser du Kristian i rapellen ned igjen. Vi gjekk ca i rett linje rett til høgre for der Kristian er på biletet.
Sånn går no dagan.
Etterpå heiv vi oss fort rundt, kjørte ca ein kilometer videre utover og parkerte på ein større møteplass. Biletet under viser den flotte fossen. Her og fekk vi ca 60meter med lett klatring. Underteikna leda ann, og fikk klyving på eit akkurat passe led-nivå i forhold til eigne skills.. Meistringsgleda var stor! Anmarsjen til innsteget tar ca 2 min, og du går lett oppover bekken. Meget nIce. Kjekke små opptakter før du kjem til der den seriøse delen byrjer.
Her er fossen i mørket, sett nedanfrå.
Fossen sett frå standplass. Ein kan også gå nokon fleire enkle opptakter vidare oppover, kanskje ca 40meter til med lett klyving.
Sånn går no dagan.
fredag 7. desember 2012
Paso Superior x 2, Snu x 2
Argentinsk kråke, på veg inn til Paso Superior |
Inne på ryggen etter breen, jævlig vått snø. |
Det hadde gått ein kar før oss opp breen og laga spor . Me sank nedi til låret når me tråkka utafor storet. |
"slutt å ta meg på puppa" "me dei er så varme å gode" "henda dine er så jævla kalde, slutt" "men berre lite grand" |
De vart ei vått natt rett under Paso Superior, dagen etter gjekk me siste bakken. |
Snøen hadde ikkje blitt bedre i løpe av natta , og været var fortsatt ikkje topp. Me snudde. |
Når me kom ned letta været og det viste seg at vær vinduget var utvida med ein dag så me gjekk opp igjen. |
Snøen var ganske hard og kroppen var trøtt og sliten!! |
På breen på veg til Poincenot, til venstre i bilde. |
På innsteget(der klatringa begynner), litt for seine litt for slittene og trøtte. Me snudde. No har me utstyr på plass i Paso Superior og er klar til neste vær vindu. |
Folk har stort sett snudd på detta værvinduet.
søndag 2. desember 2012
Laaaaangt å gå.....
El Chalten |
No skal det visst nok komme ein del nedbør, så de vart en liten fest i går. No skal me pakke sekk og gjæra uss klar for eit par dagar i Paso Superior (sove plassen til Fitz Roy). Så før med sjå kva me får til det værvinduge som kjem.
Kveldstur |
Abonner på:
Innlegg (Atom)