søndag 21. august 2011

Venjehola

Den siste veka har eg og thor hatt eit par økter med nydleg klatring og litt pussing i Venjehola. Feltet har idag ca ti ruter, og det er potensiale for minst ti nye. Her er mange fine ruter for dei som vil rasle litt med kilane og ganske grovt fjell med super friksjon, noko som gjere at klatring i yr og lett regn ikkje er noko problem.
Flottaste ruta på feltet er utan tvil Grensesprenging (7-) pussa fram av Steffen, den fortjener alle stjernene den har fått.
Av nye ruter som ikkje står i føraren er det til no kun ei rute som er gått.
Grensekontroll (5+) går til høgre for Heilt på grensa og har samme anker. Første 2/3 av ruta er godt sikra med lett, fin jamming og flotte flytt. Siste delen av ruta, her er og cruxet, er dårleg sikra. Her er muligheit for ein mikrokile som mest sansynleg vil poppe ved fall, men den er god å ha der for psyken om ikkje anna.
Thor Espen går Grensesprengning(7-)
Klar for cruxet på Grensekontroll



Starten på Grensekontroll (5+)



Thor Espen har pussa forlengelsen av Grenselaus (5+) og jobbar med å sette saman flytta. Dette blir ei kort, men intensiv, bratt og tynn linje. Ganske så hardt med andre ord...


Det er berre å finne fram kosten, reise opp i Venjehola og finne seg ei linje å pusse. Det er mange muligheitar.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar