Ny linje på nedre klippa(Buldre-bohus)
Det var tidleg klart at denne linja var veldig opplagt. Vi såg på den kvar runde vi hadde opp til klippa i vår, problemet var berre at det var inni hampen mykje mose og jord.
I staden for å sitte og sjå på dei andre henge og klage på dei andre rutene, fann eg ut at eg like godt kunne begynne å pusse litt og sjå om det var noko vits å pusse på denne linja.
Heldigvis var mesteparten av mosen lett å fjerne, og grovpussinga var gjordt unna på ei økt, med Thor pustande, pesande og snakkande med seg sjølv på rutene til høgre. No er det meste bosset vekk, men treng kanskje ein runde med kosting av fottaka før ein går på.
Før
Etter
Ruta er godt sikra heile vegen til topps. Etter ein trang og typisk 'awkward' start, som dei ville sagt i England, er det berre å jamme seg oppover og stå på små lister for så å avslutte med smøring og stemming i toppen. Det står to limboltar som anker.
Er usikker på grad, så det er berre å klatre og komme med innspel på grad.
To meter til venstre har Thor Espen funne seg eit prosjekt. Referat frå samtale:
E: Ser tungt ut å sikre om du skal gå det på led?!
TE: Tungt å klatre! Pust og pes
E: Det ser hardt ut, du klare ikkje ditta på led.
TE: Eg må berre få flytta i kroppen og ha freshe fingrar. Så må eg har dagen...
E: Ja, eg har trua, eg. På deg. Du dør nok ikkje.
TE: Eg må ha ein pad og, kanskje to
E: Vi kan vurdere å sette ein bolt i starten...
TE: Nei! Kvam trenge ei Grit-rute
Når sant skal seiast har Thor gått alle flytta, så det er på langt nær umulig, men etter å ha test litt vart konklusjonen at det er hard...
Thor testar kva for ein mikrokile som er minst dårleg
Ikkje lengste linja på Kvam, men vil tru den krev sin mann