tirsdag 27. november 2018

Framsnakking (grad 8, 7 tau.l)

Sondre klatra halve første tau.l i skygen før sola sneik seg over kanten og det vart voldsomt flott. Daton er 27. november og me skal prøve og gjæra første fribestigning av Fardals vanskeligste rute. Eg har prøvd ein gang før, då med Tobias for ein god månde sida. Då gjekk det ikkje, men me fant ut av flytta. Då var første del litt vått, no var de tørt med litt is!
Tobias på første forsøk
16.10.18
Sondre nesten i sola. 27.11.18

Båre klar til ut henting
Ruta går i bratt venstre kant av veggen i Fardal. Har tenkt i magen år at det skulle vøri ei litt vanskeligare rute gjennom den brattare delan av veggen. Men har ikkje orka tanken på å bolte meir oppi der. Heilt til det vart lagt ei NARG øving til Fardal, tilfeldigvis. Og til akkurat den delen av veggen og eit 200m tau blei hengane igjen, til fritt bruk. flaks!   
NARG øving 10.09.18
Bolte er ganske rettfram, gå til topps med alt utstyr man trenger, fire seg over kanten og sette bolter på veg ned. Det tok to dager og bolte heile ruta, andre dagen gjekk eg opp frå bunn. Etter eg fekk meg ny drill av Olav i fjord(takk), greier eg no og sett over 60 bolder på to batteri. Detta er over dobbelt så mange som før og gjort bolting i Fardal mykje lettare. Ellers har eg erfart at sol og musikk på øret, nesten gjær boltinga "ikkje skummel".
Halvvegs ned. 11.11.18
Andre tau.l gjekk som ein leik, svaklatring! Tredje lengda har ein litt laus travers der Sondre tråkka på ein stein som var laus og ramla, han måtte ned igjen. I andre forsøk gjekk alt fint. Så står me plutselig  undre det bratt delen, kanskje 10m (kanskje 5m) med overheng.
Ungdommen har øvd på første cruxet 
Hær trenger me den oppdriften som fins, heisetauet og støtesko (ja eg hadde med to par) kommer opp av sekken. Grunnen til at eg ville at Sondre skulle prøve først var, at då får eg slyngen opp og ein repetisjon  av beta'n. Var ganske sikker på at eg kunne greie å gå den i første forsøk, værtfall med litt hjelp av Sondre. På mitt led forsøk knakk eg av ein krimp som traff Sondre i hjelmen, eg ramla ikkje og Sondre fekk ikkje hull i hode. So det gjekk i første og Sondre følgte i fri etter å ha øvd ein runde først.
Topp jugen i sikte 
Tobias på veg inn i dei hadeste
fløta.
Cruxet er nydlig klatring på den beste steinen fardal har, 500m over Sognefjorden! Eg tok ein del film av cruxet når Tobias klatra den, og det blei studert nøye dagen før. Derfor greier eg og gå den i første forsøk, med eit nødskrik(sinnssykt pompa). veldig morro:-) 
Toppen av den hardeste tau.l-

Etter detta legger terrenget seg og klatringa blir mykje lettare. Bortsett i frå eit uvanlig crux i skjete tau.l er det grei skuring til topps.
Toppen

Ung og gammel
1: #framsnakking 2: make sogndal great again 3: den store misunnelse 4: på eget ansvar

Framsnakking (grad 8, 7 tau.l)

1: 6,     40m: Svaklatring forbi stor hylle på. stand under raud flekk.
2: 7-,    25m: Teknisk og fin svaklatring
3: 7-,    30m: Lett opp til laus travers, lurt med 60 slynge i travers bolt. Drar mot høgre og oppover til stor hylle.
4: 8-,    20m: Bratt klatring. Hengende stand under takoverheng
5: 8,      20m: Bratt og teknisk klatring. liten hylle på stand. Flott!
6: 7+/8- 25m: 7 klatring opp til hylle. uvnlig crux
7: 6,       25m: Litt dårlig pussa:-)

ekstra material 

Sondre på 8- tau.l

to glade guter


Crux beta





det rare cruxet på 6. tau.l

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar