onsdag 4. juli 2018

Bjørneryggen

Bjørnungen til Veslebjørn 

Veldig fin og morsom klatre tur. 
Bra med og ta med ein 3#.
Veslebjørn sett Bjørnungen

Veslebjørn sett Bjørnungen
grad 3 svaet


4+ sett neda frå
4+'en



Reisebrev frå Hurrungane

Sumaren har so langt vore gavmild med go'været. Nesten i overkant. Det blir fort for varmt i låglandet for slike som oss. Då er det godt å bu i eit variert land med moglegheiter for å trekke opp i høgda og eit meir behagelig klima. Takkar isbreane for det.

Eg og Jostein planla allereie på nyåret at me skulle ta oss ein klatreferie ilag. Dagane vart bestemt til å vere 29.6 - 3.7, då me antok at det var då det var best vær. Me hadde sjølvsagt rett i det.

Dag 1:
Me gjekk opp til NTK-hytta i Skagadalen seint fredagkveld, med klatreutstyr og mat nok til ein heil bataljon. I etterpåklokskapens namn kunne me halvert mengde pålegg, og dobla liter øl..

Dag 2:
Sein-alpinstart. Me rusla i veg opp Skagadalen, med Skagastølsrisset som turmål.
Det har vore tørke i vekesvis, og risset var stort sett tørt. Likevel var den fyrste -5-lengda våt (rundt blokka i risset), og me måtte klyve forbi denne lenger ut til høgre.

For å kome inn igjen i sjølve risset satte me stand oppå brinken mellom 2.- og 3.tl, traverserte ut på hylle til høgre, og kroppsjamma opp ein smal, bratt kamin med 3 store blokker i.
Klatringa antas å vere rundt 4+. Interessant og kult, men og litt skittent..

Resten av ruta var tørr og fin, og cruxlengdene fantastisk flotte. I føraren står det at det ligg ein del lausgods på hyllene, og at det kan lønne seg å vere fyrste (og einaste) taulag i veggen. Det kan me trygt skrive under på.
Ser du løva på bre'en?

Dag 3:
Me trengte ein roligare tur, og valgte å gå Dyrhaugstraversen frå bandet. Me valgte lettaste veg, eller familie-ruta, som taulaget over oss kalla den.
Dyrhaugstraversen var feiande flott, med god utsikt mot gårsdagens klatrevegg, og nydelig klyving.


Då me runda eit hjørne opp mot toppen på Store Dyrhaugstind fekk me oss ein liten overrasking: Der satt eit pensjonistfølge på 4stk, som kom seg verken fram eller tilbake. Med litt hjelp kom dei seg på Store. Om dei kom seg vidare må fåglarna vite..
Tar ein liten pust i bakken på returen, før me går over haugen og ned til klubb-hytta.

Dag 4:
Ein kan ikkje ligge i Skagadalen utan å toppe Storen i løpet av opphaldet. Dagens mål var derfor Storen, via Vesteggen.
Me traska i veg i godt driv.. eller så godt driv som to småbarnsfedre med forkjølelse og gnagsår kan ha.
Jostein i eksponert og flott område. Inn på 3.standplass.

Innsteget var greit å finne, og me drog oss greit opp fyrste -5-lengda. Utsøkt fin klatring.
Neste lengde var grei nok, medan 3.tl drog me meir diagonalt mot høgre (vekk frå eggen) opp eit dieder og gjennom flotte rissformasjonar. Me runda eit hjørne og satte stand på ei stor hylle. Dei neste taulengdene bøy på bl.a flott klatring i velsikra kamin, bratt klyving på gode tak, og sist men ikkje minst rosinen i pøsla: crux-lengda på topphamaren. Sistelengda er utsøkt dieder-og svaklatring, velsikra og bratt. Beintøft.
Kvelden vart avslutta med noko som muligens vert ein klassiker på NTK-hytta: Pannekaker og raudvin.
Pannekaker og vin. Den er fin.

Klart og varmt, klokka 21:30

Dag 5:
Me vart einige om å ta ein kviledag, i håp om å gjere noko stort dag 6. Så, me starta dagen med å drikke på oss den store kaffi-skjelven, smøre oss inn med 3lag solkrem, og slappe av utanfor hytta. Dette vart fort kjeisamt for to rastlause sjeler som oss. For å få dagen til å gå vart det bl.a bading i Heimste Skagastølsvatnet. Antatt grad 5+.
Ca klokka 14:30 kjem det frå Jostein; "vi ska'kke bare gå Soleitind-traversen'a ?"
- Jo fankern me gjer det, smalt det tilbake frå meg.
Me la ein kjapp plan og fant ut at viss me raska på kunne me vere klare til å byrje traskinga 17:00, og forhåpentligvis tilbake i Sogndal til midnatt.
Jostein kokkelerte oss ein kjapp middag beståande av Joikakaker, best før 05.02.2016, og potetmos best før utg.august 2017 henta frå matlageret på hytta. Fantastiske årgangar begge deler, så det var lite å si på maten..
15:22 var sekkane pakka, gulvet feid og gutta klare for avgang. Ca 50min seinare var me på Turtagrø. Avmarsj frå parkeringa til Lauvnostind starta 16:51. Det var langt frå freske fraspark på gutta så seint på dagen, og etter fleire lange turar dagane i forkant. Likevel var me klare til å starte klatringa etter ca 2timar.
Ur, ur, ur og ur. Gjøkur.


Klyvinga opp til nordre er fin. Skikkelig heiåhå-klatring. Lett og trivelig.
Jostein toppar ut klatringa på Nordre.
Turen vidare til Store gjekk greit. Me utelot Søre, då ura der er like laus som ein norsk feriemage etter ei vekes opphald i Katmandu.
Traversering av bratt råtasnø, før me trasker i veg vidare opp til Store..
Rask gange nedatt (me er ganske gode på gange-tabellen begge to). Me tikka inn på tida 4:53'24. Klokka seier at turen har ein distanse på 8,93km, og samla høgdestigning på 938m. Begge var einige om at dette sikkert var godt nok til å få både diplom og medalje.

Ankomst Sogndal, 23:31. God margin.
#storen



Takk for turen.




søndag 1. juli 2018

Krossbu Svaparadis



Ved Krossbu er det eit stort sva, og no har det blitt klatret på. Det har sikkert vøri klatra der før, men eg har ikkje høyrt at noko hat gjort det før. Så eg tar med friheten til å lage navn og grad på nokon av rissa. Viss nokon har andre navn gi ein lyd.

Anmarsj og retur. Me parkerte rett under Krossbu.

 

1: Gubben og gamla (3+), 3 tau.l , 100m
   1: 2, 35m: Lett start med litt løsgods følg riss til hylle.
   2: 1+, 20m: Følg hylle til venstre ein del løsgods, stand under riss/lite dieder
   3: 3+, 45m: Rett opp lite dieder der etter følg riss. Stort dieder til hylle.
2: Pål sine høner (3-) , 3 tau.l 110m
   1: 2, 35m: følg riss forbi hylle til stor hylle
   2: 3-, 35m: Følg sva med sagtagger, over stor hylle til bånd av rissrenne  
   3: 2, 45m: Følg rissrenne til hylle

Førest tau.l Pål sin høner. Tone Marit enn an hønene til Pål leder.
Andre tau.l, Pål gjær seg klar til å klatre.

Tredje og siste tau.l på Pål sine høner








Førsre tau.l på Gubben og gamla

Starten på siste tau.l på Gubben og gamla.

Retur