mandag 18. februar 2013

HundremeterMix

Jostein jobber seg oppover
Sigbjørn prøver ny variant 







Fuck Scotland me har Kvam
Me har oppdaget ei lita mixperle på ein av Kvams mange fine veggar. Me har foreløbig berre topptaua og det er ikkje berre berre det heler. 

Godstol må man ha

Ikkje alttid so lett
Thor i farta 

Boltinga er i gong

søndag 10. februar 2013

SKItbraføre.no

Dei siste vekene har vore fine i Sogndal: Mykje snø, mykje sol og generelt alt for fint vær. - Alt for fint vær, seier du ? - Jau, alt for fint vær med tanke på at ein må vere på jobb på dagtid og ikkje får utnytta sol og laus-snø maksimalt.. Denne helga har derfor ski stått øverst på prioriteringslista. Her er eit resùme:

Fredag: Klokka har såvidt passert 15.00. Eg og Ragnhild har akkurat stempla ut frå arbeid på Kvåle Skule og reiser og plukker opp den alltid like positive Steffen. Etter eit mindre blidt møte med ein lokal bonde som ikkje ville flytte på traktoren sin i møte med bilen til Ragnhild kjem vi oss endelig opp til Fretland der me glade og gira skal byrje å traske opp mot Tylderingen. Men kva har skjedd ? - Jo, Steffen har kun tatt med ei fell. Litt teit, Steffen.. Men den alltid like positive Steffen tar det med eit smil. Dermed glir eg og Ragnhild iveg oppover sporet, medan Steffen trakkar eigne spor med skia på ryggen. Looser..

Tylderingen var flott og fint. Her er postkort-motiv av Ragnhild.

Laurdag: Nok ein fin dag i fjellet. Denne gongen saman med Andrè og Henrik. Og 50 andre på Blåfjell.. (!) Snøen var fortsatt kvit og kald. Himmelen var blå. Buksa mi var grønn.

Sundag: Etter to dagar med topptur og ski, samt ein laurdagskveld med øl og quiz på Sogndal Lodge, byrja lår og kropp og bli slitne. Heldigvis tok eg og Jostein med oss Eric på ski denna dagen. Og Eric er sjuk. Ikkje sånn alvorlig sjuk altså, men litt forkjøla. Det resulterte i eit roleg og behagelig tempo oppover bakkan, som passa lår og form meget bra. Eric skal vistnok vera på bedringens veg.

Her er Eric og Jostein på veg opp på Togga. Jostein og Eric har nettopp fått motivasjons-marsipan av Odd-Eivind. Jostein er i eit brøkdels sekund usikker på om han var allergisk mot nøtter eller ikkje. Han var ikkje det, og kunne fortsetje vidare opp mot toppen.

Bak oss ligg pausebjørka. Det har vore snakka om å flytte denne lenger ned i fjellsida, då turistar har reagert på at det er for langt å gå før ein får pause. Det er ikkje fatta noko vedtak på dette og den står framleis på same plass som ifjor.

Her kjøyrde me ned. Eg visste ikkje før eg såg på biletet i etterkant kor uklar sikt det faktisk var i det området.

Jostein og Eric er nede i Laugadalen, so'an sa. 

 Eric skreller appelsin. Visste du at i Sogndal seier dei abbelsina ?- Det er spesielt.

Her er Togga. Eit fjell, oppkalt etter ei ski som SGN har produsert.
 

 Her er Togga, skia som fjellet er oppattkalla etter. Staven har ingenting med verken skia eller fjellet og gjere.

Her er Eric framfor Togga, med Togga i armkroken. Dette var Erics jomfrutur på Togga. Skia altså. Eric har vore mange gonger på Togga. Sikkert fleir enn folk flest. Men igjen; folk flest går ikkje på Togga. Fjellet altså.

Jauda. Då fekk ein slått ihjel noko tid denna helga med.