lørdag 13. oktober 2012

Meir nybrotsarbeid på Ål.

Den gode gamle potetferien kan nyttast til så mangt. Denne gongen blei han nytta til buldring og pussing i buldrefeltet på Ål.
Eg og Annike hadde to flotte dagar med sol, grei oppdrift og super friksjon. Været var klart og godt, slik som det ofte er i vakre Hallingdal.

Me holdt oss ved buldrefelt 4 (Kløvsteinen), og fant der ein ny stein kor vi pussa fram 3 nye bulder. Graderingane er høgst subjektive, og treng repetisjon for verifisering.

1. Mjølkeruta er ein artig armgang-travers som kan gåast frå begge kanter. Antatt grad 5+ frå høgre til venstre, og hakket hardare frå venstre til høgre.

2. Til venstre for Mjølkeruta finn du Håkkahei (5+). Ein kort, artig sak på varierte tak.

3. Vidare til venstre finn vi ein noko tyngre og morsom sak i eit særdeles bratt lende. Derav namnet Bratt Moro. Antatt grad 6b. Denne går på relativt gode tak, og avsluttast med åling over kanten. 

Steinen finn du altså på felt 4, ved Kløvsteinen. Her innteikna som D.2. Steinen lyd namnet Hjørnestein.
Me fant også denne steinen her, kor vi pussa fram ruta Elg på fjelltur, antatt grad 6a. (Mulig 5+). Steinen ligg ved vegen, 100meter inn på innkjørselen før innkjørselen til Hovda-området. Denne steinen har potensial for vertfall 3-4 flotte og lange ruter til.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar