fredag 7. oktober 2011

Våtedalen

Anleggslusken hadde intet bedre å gjere på ein regntung dag enn å reise retning Førde for behandling av vond skulder hjå ein kvakksalvar/naprapat. I denne samanheng tok eg fyrst ein snartur til Våtedalen ein knapp times biltur frå SOgndal for å rekognosere litt etter nye felt. Frå før er det eit øvingsfelt her der det er rigga klare toppanker. Desse rutene ligg på ein ca 8-10 meter høg vegg. Veggen bak denne var den som fanga min interesse. Den er i snitt ca 15 meter høg, svakt overhengande og med mykje små formasjonar. Det blir sikkert småhardt, men absolutt klatrbart. nokon oppvarmingsruter av lettare grad såg der ut te at de var og. Eg anslår at de kan bli minst 20 linjer her på kompakt fin stein. Nokon trad-linjer av ymse grader finnast også.

Eg vart iallefall GIRA og veit at eg må dit til våren og bolte.

Adkomst er utruleg lett frå vegen og område er heilt fritt for skog. Ein del buldreveggar og steinar finnast også med stort sett fine landingar. Trur dette kan verte ein kjempeplass.

Litt bilete



Hovedveggen venstre del. her er nok den tyngste klatringa. Bratt og små tak mykje av det. Mykje av veggen var tørr på trass av pissregnet. Toppen var sjølvsagt våt.



Litt lettare klatring her. Kanskje trad linje te høgre.



Openbar trad linje av ganske lett grad ser de ut til....ca 12 meter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar