mandag 22. april 2019

Skagastølsryggen

Endeleg var det påskeferie, eg og Thor hadde fått fri (eller tatt fri som nokon ville sagt) og var klar for to dagar til fri disposisjon med strålande værmeldingar. Einaste vi hadde avtalt var at vi skulle til Hurrungane og klatre.
På tur opp vart vi raskt einige om at vil hadde lyst å gå Skagastølsryggen. Det var ikkje måte på kva anna vi skulle rekke ila desse 2 dagane. Eg vil tru vi var innom alle ryggane i Hurrungane, og korleis ein kunne kombinere desse for å få gjort mest mulig. Vi innsåg heldigvis at ein tur om gangen er nok, så dag to får vi ta etterkvart.

Alpin start må til når ein skal gå langt på vinterføre, så etter ei kort natt etter stadig oppvakningar av ein snorkande Thor Espen la vi i veg halv 5. Det var tross alt langfredag, så langtur måtte passe bra.
Anmarsjen til Nordre gjekk unna, berre med innslag av trillande og knekte skarejern og ein bergensar som hadde ambisjon om å soloere samme ryggen som oss. Vi såg ikkje meir til han, og håpar han snudde før han kom så langt.

På med klatreutstyr ved Nordre

Første crux var V-skaret. Her bau Hurrungane på tørr og fin klippe, og det var berre å bryte seg på. Underteikna smaug seg opp dei første meterane, innkaserte fort kaldpump i underarmane og rockefot som Elvis hadde missunt. Det er som kjent dårleg kombinasjon med stegjern og småfottak. Men etter nok grynting og pesing var det berre å velte seg i land på første og beste hylle. 
 V-skaret

Opp mot Midtre

Vidare oppover gjekk ganske smertefritt og vi gleda oss over å vere oppe på ryggen og klar for resten av menyen.




Nærmar oss Hall-hammer

Vi hadde sjølvsagt håpa på gode forhold, og det var det tidvis, men det  meste av snøen var blitt sukkersnø og gav lite feste for isøksa. Stortsett gjekk øksa rett igjennom snøen og traff stein. Så her var det berre å hente fram alt vi hadde lært i svømmeundervisninga og dra fram det vi hadde å by på av brystsvømming på kvart opptak. Lite elegant, men effektivt!

Thor klar for Halls-hammer

Ved Halls-hammer måtte Thor fram med spissegenskapane som alpinklatrer og krafsa seg oppover 1cm tjukt islag utan sikringsmuligheit. Thor pratar ofte med seg sjølv når han er på led, og her gjekk skravla i eitt. Det er godt teikn på at her er det ikkje rettfram klatring. 
Vidare til Vesle gjekk utan problem, men saktare enn forventa pga. forholda. Rapellen ned til Mohnsskar vart litt overkant spennande då sola hadde begynt å steike for fullt, og det meste av is og snø rundt oss hadde bestemt seg for å løsne omtrent då. Her var berre å halde oppe farten og komme seg vidare. 
 Mohnsskar
Ut-topping

Vel oppe tok vi oss ikkje tid til meir enn ein high five og konstaterte at det var fin utsikt frå toppen denne gangen og. Etter nokre ekle og tidkrevande nedklatringar og ein telefon til kjentmann Veslegard fann vi rapellankeret og kom oss nedover. Tilsaman vart det 4 rapellar før vi var forbi svaa og endeleg kunne spenne på oss skia.

 Klar for rapell

Å klatre med skia på sekken var vi ganske einige om frå starten. Men det var mykje banning over ski som hang ser fast i stein, eller skrapa i snøen undervegs. Så vår anbefaling er å gå med så korte ski som mulig. Når det er sagt var det verdt alt når vi kunne spenne på oss skia og køyre nydleg slush ned til bandet og skli ut Skagadalen på 30min i staden for å traske ut på 3 timar.




Vel nede på Turtagrø tok vi oss to pils i solveggen og sovna tidleg i posen.

Dag 2 vart det ein flott retitusjons skitur i Leirdalen til Geita, med ein kort liten alpinrygg og fin køyring etter anbefaling frå Endre som vi møtte på Turtagrø. Ikkje heilt i tråd med ambisjonane vi hadde når vi reiste frå Sogndal, men heilt rett val!
Geita til venstre i bildet


Ryggen frå Geita mot Saksi i bakgrunnen. Skikøyringa begynner ned til venstre ved første opptaket langs ryggen.

Takk for turen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar