tirsdag 27. november 2018

Framsnakking (grad 8, 7 tau.l)

Sondre klatra halve første tau.l i skygen før sola sneik seg over kanten og det vart voldsomt flott. Daton er 27. november og me skal prøve og gjæra første fribestigning av Fardals vanskeligste rute. Eg har prøvd ein gang før, då med Tobias for ein god månde sida. Då gjekk det ikkje, men me fant ut av flytta. Då var første del litt vått, no var de tørt med litt is!
Tobias på første forsøk
16.10.18
Sondre nesten i sola. 27.11.18

Båre klar til ut henting
Ruta går i bratt venstre kant av veggen i Fardal. Har tenkt i magen år at det skulle vøri ei litt vanskeligare rute gjennom den brattare delan av veggen. Men har ikkje orka tanken på å bolte meir oppi der. Heilt til det vart lagt ei NARG øving til Fardal, tilfeldigvis. Og til akkurat den delen av veggen og eit 200m tau blei hengane igjen, til fritt bruk. flaks!   
NARG øving 10.09.18
Bolte er ganske rettfram, gå til topps med alt utstyr man trenger, fire seg over kanten og sette bolter på veg ned. Det tok to dager og bolte heile ruta, andre dagen gjekk eg opp frå bunn. Etter eg fekk meg ny drill av Olav i fjord(takk), greier eg no og sett over 60 bolder på to batteri. Detta er over dobbelt så mange som før og gjort bolting i Fardal mykje lettare. Ellers har eg erfart at sol og musikk på øret, nesten gjær boltinga "ikkje skummel".
Halvvegs ned. 11.11.18
Andre tau.l gjekk som ein leik, svaklatring! Tredje lengda har ein litt laus travers der Sondre tråkka på ein stein som var laus og ramla, han måtte ned igjen. I andre forsøk gjekk alt fint. Så står me plutselig  undre det bratt delen, kanskje 10m (kanskje 5m) med overheng.
Ungdommen har øvd på første cruxet 
Hær trenger me den oppdriften som fins, heisetauet og støtesko (ja eg hadde med to par) kommer opp av sekken. Grunnen til at eg ville at Sondre skulle prøve først var, at då får eg slyngen opp og ein repetisjon  av beta'n. Var ganske sikker på at eg kunne greie å gå den i første forsøk, værtfall med litt hjelp av Sondre. På mitt led forsøk knakk eg av ein krimp som traff Sondre i hjelmen, eg ramla ikkje og Sondre fekk ikkje hull i hode. So det gjekk i første og Sondre følgte i fri etter å ha øvd ein runde først.
Topp jugen i sikte 
Tobias på veg inn i dei hadeste
fløta.
Cruxet er nydlig klatring på den beste steinen fardal har, 500m over Sognefjorden! Eg tok ein del film av cruxet når Tobias klatra den, og det blei studert nøye dagen før. Derfor greier eg og gå den i første forsøk, med eit nødskrik(sinnssykt pompa). veldig morro:-) 
Toppen av den hardeste tau.l-

Etter detta legger terrenget seg og klatringa blir mykje lettare. Bortsett i frå eit uvanlig crux i skjete tau.l er det grei skuring til topps.
Toppen

Ung og gammel
1: #framsnakking 2: make sogndal great again 3: den store misunnelse 4: på eget ansvar

Framsnakking (grad 8, 7 tau.l)

1: 6,     40m: Svaklatring forbi stor hylle på. stand under raud flekk.
2: 7-,    25m: Teknisk og fin svaklatring
3: 7-,    30m: Lett opp til laus travers, lurt med 60 slynge i travers bolt. Drar mot høgre og oppover til stor hylle.
4: 8-,    20m: Bratt klatring. Hengende stand under takoverheng
5: 8,      20m: Bratt og teknisk klatring. liten hylle på stand. Flott!
6: 7+/8- 25m: 7 klatring opp til hylle. uvnlig crux
7: 6,       25m: Litt dårlig pussa:-)

ekstra material 

Sondre på 8- tau.l

to glade guter


Crux beta





det rare cruxet på 6. tau.l

mandag 19. november 2018

Gygrestolen i Bø i Telemark



Eit besøk på Gygrestolen i Bø iTelemarkn, kan eg anbefale på det varmaste. Naturlig klatring (og nokon bolta linjer) i flotte og eksponerte omgivelser. 

Gamla
Siste styket på anmarsjen er kronglete.

Nordvest sida av Gamla

Siste bratte anmarsjen til skare mellom Gubben og Gamla.
Vanskelig og utsatt klyving(3-4). Det henger tau der. 

Ein god og ein dårlig, bolt henger tauet i-

Nordvest sida på Gubben.
Superrisset (7+) ser veldig flott ut. Veldig luftig flyving siste 10m til innsteget 

Skaret mellom Gubben og Gamla

Aust sida Gamla
Den sorte kamin (4+)

den sorte kamin er vært eit besøk unik og kjempe tøff rute.
Trenger ikkje mange sikringer for å klatre den. 

den sotre kamin er være å følge enn og lede.

nesten ute av den sorte kamin

Rappell ned (30m) i skaret mellom Gubben og gamla 

Mossekspressen (8+) går på Gamla si Sørvestside.
Fin rute, med litt langt mellom boltane.


Nordvesteggen på Innerdalstårnet

tredje tau.l. 5+, overheng.  

Innerdalstårnet er kanskje verdens nest største varde etter Skarfjell. Altså  veldig fint og klatre på, men litt laust innimellom. 
Nordvestegga byr på det meste bortsett frå sol. Utrolig eksponert og bratt 



Anmarsjen er går undre store tårnet og lett, luftig og fin klyving opp til velse tørnet


Bratt og fin klatring.
På veg til Vesle Tårnet












Ida på første tau.l



























Toppen






onsdag 4. juli 2018

Bjørneryggen

Bjørnungen til Veslebjørn 

Veldig fin og morsom klatre tur. 
Bra med og ta med ein 3#.
Veslebjørn sett Bjørnungen

Veslebjørn sett Bjørnungen
grad 3 svaet


4+ sett neda frå
4+'en



Reisebrev frå Hurrungane

Sumaren har so langt vore gavmild med go'været. Nesten i overkant. Det blir fort for varmt i låglandet for slike som oss. Då er det godt å bu i eit variert land med moglegheiter for å trekke opp i høgda og eit meir behagelig klima. Takkar isbreane for det.

Eg og Jostein planla allereie på nyåret at me skulle ta oss ein klatreferie ilag. Dagane vart bestemt til å vere 29.6 - 3.7, då me antok at det var då det var best vær. Me hadde sjølvsagt rett i det.

Dag 1:
Me gjekk opp til NTK-hytta i Skagadalen seint fredagkveld, med klatreutstyr og mat nok til ein heil bataljon. I etterpåklokskapens namn kunne me halvert mengde pålegg, og dobla liter øl..

Dag 2:
Sein-alpinstart. Me rusla i veg opp Skagadalen, med Skagastølsrisset som turmål.
Det har vore tørke i vekesvis, og risset var stort sett tørt. Likevel var den fyrste -5-lengda våt (rundt blokka i risset), og me måtte klyve forbi denne lenger ut til høgre.

For å kome inn igjen i sjølve risset satte me stand oppå brinken mellom 2.- og 3.tl, traverserte ut på hylle til høgre, og kroppsjamma opp ein smal, bratt kamin med 3 store blokker i.
Klatringa antas å vere rundt 4+. Interessant og kult, men og litt skittent..

Resten av ruta var tørr og fin, og cruxlengdene fantastisk flotte. I føraren står det at det ligg ein del lausgods på hyllene, og at det kan lønne seg å vere fyrste (og einaste) taulag i veggen. Det kan me trygt skrive under på.
Ser du løva på bre'en?

Dag 3:
Me trengte ein roligare tur, og valgte å gå Dyrhaugstraversen frå bandet. Me valgte lettaste veg, eller familie-ruta, som taulaget over oss kalla den.
Dyrhaugstraversen var feiande flott, med god utsikt mot gårsdagens klatrevegg, og nydelig klyving.


Då me runda eit hjørne opp mot toppen på Store Dyrhaugstind fekk me oss ein liten overrasking: Der satt eit pensjonistfølge på 4stk, som kom seg verken fram eller tilbake. Med litt hjelp kom dei seg på Store. Om dei kom seg vidare må fåglarna vite..
Tar ein liten pust i bakken på returen, før me går over haugen og ned til klubb-hytta.

Dag 4:
Ein kan ikkje ligge i Skagadalen utan å toppe Storen i løpet av opphaldet. Dagens mål var derfor Storen, via Vesteggen.
Me traska i veg i godt driv.. eller så godt driv som to småbarnsfedre med forkjølelse og gnagsår kan ha.
Jostein i eksponert og flott område. Inn på 3.standplass.

Innsteget var greit å finne, og me drog oss greit opp fyrste -5-lengda. Utsøkt fin klatring.
Neste lengde var grei nok, medan 3.tl drog me meir diagonalt mot høgre (vekk frå eggen) opp eit dieder og gjennom flotte rissformasjonar. Me runda eit hjørne og satte stand på ei stor hylle. Dei neste taulengdene bøy på bl.a flott klatring i velsikra kamin, bratt klyving på gode tak, og sist men ikkje minst rosinen i pøsla: crux-lengda på topphamaren. Sistelengda er utsøkt dieder-og svaklatring, velsikra og bratt. Beintøft.
Kvelden vart avslutta med noko som muligens vert ein klassiker på NTK-hytta: Pannekaker og raudvin.
Pannekaker og vin. Den er fin.

Klart og varmt, klokka 21:30

Dag 5:
Me vart einige om å ta ein kviledag, i håp om å gjere noko stort dag 6. Så, me starta dagen med å drikke på oss den store kaffi-skjelven, smøre oss inn med 3lag solkrem, og slappe av utanfor hytta. Dette vart fort kjeisamt for to rastlause sjeler som oss. For å få dagen til å gå vart det bl.a bading i Heimste Skagastølsvatnet. Antatt grad 5+.
Ca klokka 14:30 kjem det frå Jostein; "vi ska'kke bare gå Soleitind-traversen'a ?"
- Jo fankern me gjer det, smalt det tilbake frå meg.
Me la ein kjapp plan og fant ut at viss me raska på kunne me vere klare til å byrje traskinga 17:00, og forhåpentligvis tilbake i Sogndal til midnatt.
Jostein kokkelerte oss ein kjapp middag beståande av Joikakaker, best før 05.02.2016, og potetmos best før utg.august 2017 henta frå matlageret på hytta. Fantastiske årgangar begge deler, så det var lite å si på maten..
15:22 var sekkane pakka, gulvet feid og gutta klare for avgang. Ca 50min seinare var me på Turtagrø. Avmarsj frå parkeringa til Lauvnostind starta 16:51. Det var langt frå freske fraspark på gutta så seint på dagen, og etter fleire lange turar dagane i forkant. Likevel var me klare til å starte klatringa etter ca 2timar.
Ur, ur, ur og ur. Gjøkur.


Klyvinga opp til nordre er fin. Skikkelig heiåhå-klatring. Lett og trivelig.
Jostein toppar ut klatringa på Nordre.
Turen vidare til Store gjekk greit. Me utelot Søre, då ura der er like laus som ein norsk feriemage etter ei vekes opphald i Katmandu.
Traversering av bratt råtasnø, før me trasker i veg vidare opp til Store..
Rask gange nedatt (me er ganske gode på gange-tabellen begge to). Me tikka inn på tida 4:53'24. Klokka seier at turen har ein distanse på 8,93km, og samla høgdestigning på 938m. Begge var einige om at dette sikkert var godt nok til å få både diplom og medalje.

Ankomst Sogndal, 23:31. God margin.
#storen



Takk for turen.