søndag 9. august 2015

HeiåHå's alpetur 2015

Hei Bloggen, det er meg igjen.
Eg vil no fortelje om eventyra som eg og Alpinist-Jostein var på i sumar:


- Det blei på seinhausten 2014 einstemmig avgjort i forbifarten at me skulle gjenta suksessen frå 2013 med ein ny alpetur, sumaren 2015. Som lærerar har me litt tid å bruke opp i juli, så me satte av 10 dagar. Dolomittene var det fyrste me kom på, og tidlig januar vart flybillettane bestilt. Etter eit fuktig planleggingsmøte oppe hjå Jostein i april vart også leigebil bestilt, og kjøyrerute og klatreruter nøye planlagt slik at skulle få utnytta kvart sekund til fulle når me fyrst var i Syd-Tirol.

Avreisedagen, laurdag 25 juli, blei me vekka av frøken Gry Tidlig. Skikkelig hurpe ho der..
På Gardermoen i halv seks-draget byrja me å sjekke været for området, og konstaterte at Holomittene utgikk med skyhøye regnstøvler. Plan B blei vedtatt umiddelbart: Andermatt, Sveits.

Me plukka opp ein leigebil i Milano, og kom oss fort som pokker vekk frå det varme-helvettet. Fekk plukka opp nokre hendige 2-seconds telt på Decathlon, og feis avgårde til Andermatt. Lovprisa Herren for at det fantes aircondition i bilen.


(Til dykk som no blir provosert av varme-klaginga til meg og Jostein; enten les vidare og aksepter det, eller finn noko anna å gjere.. Vår comfort-sone befinn seg mellom -23 og 23 grader. Alt anna er uutholdelig..)

Sundag blei fyrste klatredag. Reiste opp til Furkapasset. Fekk smake på herlig granitt, og drog på med mange høgdemeter og taulengder. Stort sett enkel klyving. Alpene er jo gjennombolta, på både godt og vondt. Byrja med Via Heinrich (5a), for å kjenne på gradene, og toppa ut på Klein Furkahorn (2968moh) via ruta Westplatten, som me stort sett gjekk springande (!).


Dagen etter gjekk me i veg opp til Albert-Heime-Hut, i håp om å overnatte og gå nokre lengre ruter rundt hytta. Me nytta dagen til å akklimatisere oss i høgden og cragge litt rundt hytta.


Utpå dagen ville me sjekke inn på hytta, men "det var ikke plass for dem i herberget"..
Me tok beina fatt og sprang i veg over fjellet til Sidelein-hut (2 timers springmars i ulendt terreng),


og fekk i siste liten leigd oss eit varmt, klamt og luft-tett rom på hemsen.

Tårnet til høgre i biletet er kjent frå nokre kule Mammut-reklamer.
Dagen etter blei me igjen vekka av frøken Gry Tidlig. Me spratt som vanlig opp, fulle av iver og pågangsmot. Etter å ha pakka sekken med kjeks, sjokkis, og 1,5liter kvar med kildevatn til 6 scheisse-franc literen (..) la me i veg mot Gross Furkahorn. (Storebroren til Klein Furkahorn).

Merk: Offisiell, og einaste sponsor på turen var Intersport Sogndal. 
Her fekk me både meistring og motstand på nydelig stein. Gjekk ein mix av rutene Sorgechind (5a) og Schwarzgold (6b) før me bega oss ut på ryggen, ESE-Grat, opp til toppen av Gross Furkahorn (3169moh). Dette blei kanskje ein av dei største høydarane under turen, då totalopplevinga denne dagen var heilt fantastisk. Herlig heiåhåklatring i flotte omgjevnader :)






Etter 5 dagars opphald i verdas dyraste land, Sveits, fulgte me i Napoleon sine fotspor og la i veg over St.Bernards-passet til Italia, og nedover til Valle di'Aosta. Her var me i 3 dagar, og opplevde både høgfjellsklatring og multibitch på låglandsklippe.




Me fekk også vore litt turist og opplevd høgkultur, på Fort Bard, der Napoleon i 18-pil-og-bue troppa opp med sine 40000 mann og kjempa i 14 dager før fortet til slutt blei beseira, besudla og bestøva.
Jostein peiker på klippa der me nettopp klatra 7tl på nydelig formasjonsrik granitt.
Etter å ha gått ein flott egg, heile tida hakk i hjel eit italiensk kjærstepar med ræva fulle av sirup, nøyt me ettermiddagen på gondol-stasjonen med is og Prosecco. Italia er herlig slik sett.



2 is og 0,5l Prosecco for 5euro !

Regnværet innhenta oss også i Aosta, og me farta vidare til Valle di'Orco, eit paradis for klatrerar, midt i Gran Paradisio, Italias fyrste nasjonalpark, som også huser Italias einaste fjell over 4000m der fjellet i sin heilskap befinn seg i Italia. (Til orientering).

Orco er rått. Rett og slett.


Men Orco kan også vere fint.


Og sjukt varmt. Eine dagen måtte me faktisk avbryte klatringa og heller duppe oss i breelva (typ 18 grader kanskje?).. (varmt altså, ikkje helning.) til tross for at me budde på 1600moh..


I Orco har det vore klatra sidan lenge før eg og Jostein var påtenkt, og det er følgelig nok av ruter å ta av. Men, som det står i føreren (som du får kjøpt i kvar ein butikk i dalen) er det totalt bolteanarki på nokon av veggane; Der det ein dag blir satt opp ein bolt på ei rute kan den same bolten bli kappa før du aner ordet av det. Det er derfor ikkje alltid samsvar mellom kva som står i føreren og kva du møter i røynda.
Likevel kan ein framleis få til nyturar i Orco. Slik som me antagelig gjorde då underteikna måtte opp igjen for å løysne tauet som hadde knytt seg fast i ein einerbusk 3 meter under rapellfestet.. Ruta er gjekk på gode tak av både granitt, gneis, gras og gran. "Strafferunden" 6a.


I Orco fekk me også lære 3 andre verdifulle ting:
1) Det er for få ruter og crag i verden når du heilt tilfeldig møter på naboen din frå Sogndal på same rute som du skal til på..

2) I Italia kan faktisk ein sektor vere stengt (!) ein dag grunna sti-rydding og vaktmesteroppdrag.


3) Vær skeptisk til mat tilberedt og servert av ein gjeng tenn-åringar. Den kan fort bli grunnlag for mange timar med do/busk-besøk utover natta på campingplassen..

Etter nærare 10 dagar på reisefot avslutta me turen i Æuropas motehovudstad; Milano. Her fekk me shoppa samvittigheten vår rein med gaver til våre betre halvdelar. Underteikna måtte gjere opp for å vere borte frå den spreng-gravide sambuaren på 30 årsdagen hennar, så her måtte det sterk lut til!


Me var glade for å kunne vende nasen heim, og vekk frå dei horrible 33gradene i Milano. Aldri før har 15grader og duskregn i Sogndal føltes betre.



Liste over rutene me gjekk:

  • Klein Furkahorn; Via Heinrich, 5a. 5l
  • Westplatten på Klein Furkahorn, 2-5a. 220m
  • Crag A ved Albert-Heim-Hutte; Bergkristall easy (4b), Spagat (6b), High noon easy (5c).
  • Gross Furkahorn; Sorgechind/Schwarzgold (5a/6b), samt ESE-grat ryggtravers 3-4c.
  • Monte Sarezza: Spigolo Nord-Ovest og linkup med Lo Spigolo Frachey Pasteris (5c)
  • Corma di Machaby - Il Paretone: Diretta al Banano, 250m, 5+.
  • Torre di Aimonin: Pesce D'April, 5c.
  • Sergent: 1.lengde på Nautilius, 5c. (avbrøyt pga drepande varme..)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar