onsdag 28. mai 2014

Pappaperm i Font Del 1

Når ein får ungar begrensar klatreferiane seg ein del. Det er berre å legge igjen tauet heime og satse på crashpaden i staden. Etter råd frå ein erfaren pappa (Robban) vart eg og og han einige om at vi måtte samkøyre pappapermen, og planane om å reise til Fontainebleau vart lagt nesten før ungane vart fødd. Leiligheita vart bestilt når det verste sjokket etter fødselen var over og nattesøvnen tilbake.(I den grad ein kan kalle det søvn når ein må opp 5 gangar om natta).
Magnus skulle og bli pappa, så han ville og vere med. Vi inviterte sjølvsagt damene med for vi måtte jo ha barnevakt til ungane. Vi frista med shoppingturar til Paris og nemnde ikkje noko om barnepass sjølvsagt. Det funka bra!
Marcus visar oss korleis ein skal putte ledningar i nasa

Magnus øvar seg på sva, han blei god etterkvart

Det vart ikkje berre barnepass og shopping på jentene
 
Ein blir god til å plassere beina i Font...
 
Men ikkje alltid god nok

Magnus tar ein sitstart på økta

Mykje god sand på dei ulike felta

Marte prøvar seg på eit hjørne

 
 Selfie frå Paris
Klatring for alle, Jakob er no rutinert i Font etter sin andre tur
 
 
Fortsettelse føljer...

torsdag 15. mai 2014

Kult å ta med seg søpla


Hyggeleg å sjå at mange er ute å klatra.



Hunde dritt, teip og anna skrot bør ta med seg eller brenne. 

Svarte (8)

Svart, er ei kort og blytung rute på Svarthammaren.
Prosjekt nr 3 er berre å gå. 

1: Svarte (8)
2: Patagonskeørken (7+/8-)
3: Prosjekt



søndag 11. mai 2014

Nye bulder på Ylvisåker

Har pussa fram to nye bulder på Ylvisåker. Begge av sjølvsagt høg kvalitet. 

Steinane har etablerte ruter på seg frå før. Anar ikkje kva steinane heiter. ?

Pussa vekk litt torv, hogde vekk ein stamme, og pussa fram ei rute. Den vart sjølvsagt heitande "Stamruta". Sitstarten er fin og flott. Her må ein berre stramme alt ein har av magemuskler for å kome igang. Tippa graden ligg ein plass mellom heftig 5'er og slapp 6'er ein plass. Treng verifisering på detta.
Det er potensial for ei rute til rett venstre for den innteikna ruta, samt ei rute rett høgre for Stamruta. Altså rett venstre for treet.

Torkjel prøver å andrebestige ruta. Torkjel og steinen vart ikkje heilt kompisar denne dagen.

Den andre ruta er ein travers, som krev noko styrke (force) av musklane i skuldra (Delta). Derav Delta force. Tippa detta også ligg ein plass på slapp 6'er-grad. Du byrjer heilt på hjørnet i opplagt glad-tak, og følger kanten nokre meter før ein toppar ut i flaket til Tigergutt.


Opplagt rute. Stilig travers.



Det er mykje potensial her, berre ein røsker litt i torva og høgg vekk litt av skogen.


onsdag 7. mai 2014

Tamtam (4) og Bærekraft (7-)



Tamtam (4), byr på flott klatring til toppen av veggen.
Bærekraftig (7-) til første anker, det er vel på tide å få ned forbruket vårt!!!!


1:Den gode, den onde og grusomme(7+/8-)
2: Bærekraftig (7-) første anker
3: i-landsproblem(6)
4: Mykje vil ha meir (7-)
5: Gongongen (7-)
6: Tamtam (4)

Ikkji no problem å gå mellom rutane i topp og bunn(litt utsatt)!
1:Den gode, den onde og grusomme(7+/8-)
2: Bærekraftig (7-) første anker
3: i-landsproblem(6)
4: Mykje vil ha meir (7-)
5: Gongongen (7-), andre tau.l til Rampegutt.
6: Tamtam (4)
9: Prosjekt
14: Prosjekt
15: Rampegutt (6+)

torsdag 1. mai 2014

i-landsproblem(6) og Mykje vil ha meir(7-)

Holo går i-landsproblem, ruta er eit godt døme på kor bra me har det :-)
 i-Landsproblem er heilt klart ein av Sogns finaste 6ararararar, flott klatring på vertikaltsva. Vedvarande klatring heile vegen, berre å komma seg ut å prøve.

Mykje vil ha meir(7-)(kanskje 6+), er meir av det sama, men litt vanskeligare.  

Ankomst:
Gå til toppen, rapeller ned Fururisset og gå bort ti til innsteget. 
Kom gjerne med innspel på grad!! 

1:Den gode, den onde og grusomme(7+/8-)
2: Ikkje ferdig
3: i-landsproblem(6)
4: Mykje vil ha meir (7-)
5: Gongongen (7-)
6: ikkje ferdig
Prøver nye greier.


Ikkji no problem å gå mellom rutane i topp og bunn(litt utsatt)!
1:Den gode, den onde og grusomme(7+/8-)
2: Ikkje ferdig
3: i-landsproblem(6)
4: Mykje vil ha meir (7-)
5: Gongongen (7-), andre tau.l til Rampegutt.
6: ikkje ferdig
9: Prosjekt
14: Prosjekt
15: Rampegutt (6+)

Det er satt bolter mellom rutane på hylla.
ski???????!