lørdag 19. april 2014

Påskepussing på Ål

HOkkei. Fekk pussa litt på ein ny stein idag. La merke til han ifjor då eg og Annike pussa fram Hjørnesteinen. Denna nye steinen ligg litt for seg sjølv, ca 50m vest for Hjørnesteinen. Detta bildet e tatt frå toppen av Hjørnesteinen. Steinen ligg på ei lita høgde ovanfor ei lita myr. Nesten som ei øy. Og sidan det e påske...

Fekk gått tre bulder, og pussa fram eitt som var litt hardare enn antatt.
Fyrste bestigning: "Ekte fjellfolk bær sekken sin sjølv!", i stor respekt ovenfor sherpaene som ofra liv og lemmer ved å bæra sekka te sjølvopptatte rikfolk som ska realisere se sjølv på Everest. 
Tungt å få opp ræva i starten, men etter det er buldret grei skuring. Antatt grad ca 5+ish. Sit-start.

Prosjektet er kanskje rundt 6c-7a. Trur eg.


På vestsida tå steinen finn du to fine greie bulder som absolutt har sin sjarm. Sit-start er uinteressant, då det vil gjere ruta meeeeget ujevn. Smør på flesk, ca 4. Gode krimpar og grei smøring.
Godt smør, kanskje 4+. Byrja med henda i eit opplagt riss. Her må ein få til godt smør på beina, før ein mantlar seg gjennom risset og vidare bort i krimp. Ikkje fall for fristelsen og bruke retur-renna som handtak.Fyfy.


Som all anna buldring på Ål er også detta sjølvsagt i verdsklasse, og way beyond buldringa i både Fontblødiblø og Rock'n'rollLands.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar