mandag 21. april 2014

Våtedalen buldrepark.

HeiåHå.
Då er ballet opna i Våtedalen.
Steffen og underteikna med fru' hadde idag eit flott opphold i Våtedalen der me fekk rivi opp litt torv/mose/stein og smakt på god gammal gråstein.

Me begynte sjølvsagt på den største steinen av alle, og fant fleire opplagte ruter. Steinen er enorm! Likevel er lengden på sjølve buldra omtrent 4-5m opp før ein tippar over ein kant og ein avsluttar med prima heiåhåklatring til toppen. Enkel retur ned på baksida.

Dei to buldra me pussa fram vart ikkje gått/prøvd idag, og me ser gjedne at dei forblir lukka prosjekt inntil vidare. Her trengs det fleire pads og betre psyke for å gå på.

Men noko me fekk gått idag var ein flott låg travers som viste seg å vere av høg kvalitet.
Underteikna tok seg brydderiet med å fjerne torva og pusse fram taka. Ruta er tilstrekkelig pussa, sjølv om eit trent auge framleis kan skimte spor av mose i linjeføringa. Dei om det.

Ruta byrja der Holo heng på biletet, og toppa ut på høgste punktet. Ikkji la'rikkan lure tå høgda på bildet. Det bli pumpande nok lell!


Ruta vart bestege med halvgod stil av Steffen, og med god stil av Holo. Sistnemnte står som kreatør. Ruta lyd namnet "Jølster Maraton", og har antatt grad 6a+. Me vel også å hive på eit par skjednu, sea detta bulderet har sopass høg kvalitet.

OM du vel å toppe ut der Steffen er på bildet, som forsåvidt kan virke som ein naturlig avslutning for folk med skrale skuldre og dårlig psyke, så har du berre gått "Våtedalen Halv-Maraton", som maks kan loggførast som ein 5'er.

Steinane me pussa fram ligg i "Fellefjøs-sektoren" og kan nåast ved å traske i ca 3min frå fellesfjøset. Etter ein kort speiderunde fant me ut at denna sektoren har mykji god klyving å by på!
HeiåHå-klatring gler seg til vidare utvikling i Våtedalen. 

Dagens to stein-prosjekt. (E39 i bakgrunn)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar