tirsdag 29. april 2014

Spania

Santa Linya


Cova Gran

Husdyr
Huse til Henning, Vestre. 
Nabolaget
De va detta me gjorde mest.



 Oliana


Henning på Paper Mullat 8b+



Kakekake
Rett før Hening gjekk Paper Mullat

Starten på La Dura Dura 9b+, myke godt murere arbeid.
Bra han Sharma har noko han å falle tilbake på!!
Flott vegg. 



Disblia



Slutten 

Fartsbot,
fekk 50% avslag når eg betalte på staden
Eg fekk ikkje gått nok på denna Spania turen. 


mandag 21. april 2014

Våtedalen buldrepark.

HeiåHå.
Då er ballet opna i Våtedalen.
Steffen og underteikna med fru' hadde idag eit flott opphold i Våtedalen der me fekk rivi opp litt torv/mose/stein og smakt på god gammal gråstein.

Me begynte sjølvsagt på den største steinen av alle, og fant fleire opplagte ruter. Steinen er enorm! Likevel er lengden på sjølve buldra omtrent 4-5m opp før ein tippar over ein kant og ein avsluttar med prima heiåhåklatring til toppen. Enkel retur ned på baksida.

Dei to buldra me pussa fram vart ikkje gått/prøvd idag, og me ser gjedne at dei forblir lukka prosjekt inntil vidare. Her trengs det fleire pads og betre psyke for å gå på.

Men noko me fekk gått idag var ein flott låg travers som viste seg å vere av høg kvalitet.
Underteikna tok seg brydderiet med å fjerne torva og pusse fram taka. Ruta er tilstrekkelig pussa, sjølv om eit trent auge framleis kan skimte spor av mose i linjeføringa. Dei om det.

Ruta byrja der Holo heng på biletet, og toppa ut på høgste punktet. Ikkji la'rikkan lure tå høgda på bildet. Det bli pumpande nok lell!


Ruta vart bestege med halvgod stil av Steffen, og med god stil av Holo. Sistnemnte står som kreatør. Ruta lyd namnet "Jølster Maraton", og har antatt grad 6a+. Me vel også å hive på eit par skjednu, sea detta bulderet har sopass høg kvalitet.

OM du vel å toppe ut der Steffen er på bildet, som forsåvidt kan virke som ein naturlig avslutning for folk med skrale skuldre og dårlig psyke, så har du berre gått "Våtedalen Halv-Maraton", som maks kan loggførast som ein 5'er.

Steinane me pussa fram ligg i "Fellefjøs-sektoren" og kan nåast ved å traske i ca 3min frå fellesfjøset. Etter ein kort speiderunde fant me ut at denna sektoren har mykji god klyving å by på!
HeiåHå-klatring gler seg til vidare utvikling i Våtedalen. 

Dagens to stein-prosjekt. (E39 i bakgrunn)


lørdag 19. april 2014

Påskepussing på Ål

HOkkei. Fekk pussa litt på ein ny stein idag. La merke til han ifjor då eg og Annike pussa fram Hjørnesteinen. Denna nye steinen ligg litt for seg sjølv, ca 50m vest for Hjørnesteinen. Detta bildet e tatt frå toppen av Hjørnesteinen. Steinen ligg på ei lita høgde ovanfor ei lita myr. Nesten som ei øy. Og sidan det e påske...

Fekk gått tre bulder, og pussa fram eitt som var litt hardare enn antatt.
Fyrste bestigning: "Ekte fjellfolk bær sekken sin sjølv!", i stor respekt ovenfor sherpaene som ofra liv og lemmer ved å bæra sekka te sjølvopptatte rikfolk som ska realisere se sjølv på Everest. 
Tungt å få opp ræva i starten, men etter det er buldret grei skuring. Antatt grad ca 5+ish. Sit-start.

Prosjektet er kanskje rundt 6c-7a. Trur eg.


På vestsida tå steinen finn du to fine greie bulder som absolutt har sin sjarm. Sit-start er uinteressant, då det vil gjere ruta meeeeget ujevn. Smør på flesk, ca 4. Gode krimpar og grei smøring.
Godt smør, kanskje 4+. Byrja med henda i eit opplagt riss. Her må ein få til godt smør på beina, før ein mantlar seg gjennom risset og vidare bort i krimp. Ikkje fall for fristelsen og bruke retur-renna som handtak.Fyfy.


Som all anna buldring på Ål er også detta sjølvsagt i verdsklasse, og way beyond buldringa i både Fontblødiblø og Rock'n'rollLands.

Wet walley easter kos(t)

Ja da va Bohusturen over for i år. Fire dagar i paradis er bedre enn intet. =)

Fekk repetert DNA mutant variant og Prismaster. Sistnevnte sat LANGT!! inne, men det gjekk på gammal vane og tolmodigheit. Det er fint å vere so gammal etterkvart at ein kan ta ting på rutine og slepp å trene so mykje!!

Vel uansett. i Våtedalen har eg sett meg ut nokon linjer. For fire veker sidan var eg der og hengte opp eit anker, eg bomma på linja når eg firte meg ned og havna heilt på feil plass. Men eg byrja no å pusse så smått og under mosen og torva dukka det opp eit syltynnt riss med lommer med ujevne mellomrom. Lommene er store nok for sikringsmiddel, men starten av ruta og cruxet er ikkje gåandes på ein trygg måte med kilar, ergo blir ruta bolta. Er ikkje tilhenger av Mix ruter i utgangspunktet.

Har hengt å dingla og spunne på den i dag og trur det blir ganske hardt. 7er eller 8er talet ein stad.

legger ved eit bilete =)

Her er potensiale for ein god del meir, men det krevast mykje pussing og graving, men kvaliteten på det som dukkar opp er ganske bra og Våtedalen er ein fin plass på sommaren då det ikkje er frykteleg solvendt og der somregel er ein kjølig elvatrekk.

onsdag 2. april 2014

Bedre tider (7-)

Våren er hær og eit sikkert vårtegn er nye ruter på kvam. Årets første er Bedre tider (7-) på aktiv dødshjelp sektoren. Kort rute med felles start med Harde tider (5-,nat) bratt og intenst crux og deretter lett til toppen, felles anker med Harde tider. For å få glede av ankeret som Harde tider klatrar må ein gå litt legere enn den som står i føraren.-)

1: Bedre tider (7-), 2: Prosjekt (ca.8), 3: Aktivdans (6+, nat), 4: Harde tider (5-)