mandag 27. januar 2014

eksil is

Som vel dei fleste har fått med seg lever eg for tida i eksil i Bergen. Til motsetnad frå Hallingdala vekse her fåe isetappar.


Helga som var bestemte eg og Inga oss for å reise til Sogndal og overnatte på Farestveits ferie residens i Sogndalsdalen. Dette er ein beskriving av korleis det foregjekk.



Fredagen kom og me klarte akkurat å kome tidsnok til å rekke rushen ut av Bergen Køen snegla seg avgarde og etter sekshundreogsyttiåtte tunnelar var me framme på Voss kvar me vitja Tre Brør Cafe. Burgeren dei serverte smakte fortreffeleg, men eg stussa over at den eine av brødrene snakka engelsk, den andre vossing og den tredje var ei dama. Folk på Voss er rare tenkte me. Turen gjekk så mot Sogn gjennom færre men legre tunnelar og omsider var me framme på hytta i dalen. Ute var det to fine minus. Inne sikkert seksten, her måtte det fyrast!. Vi benytta tida til å køyre nedatt i fjøra å handle mat, for det hadde me gløymt.

Dagen etter var me klar for is! me SUSTE avgårde og registrerte i sidesynet at Husmorsfossen såg ut som eit fuglefjell allereie klokka 10.30. Avgjerdsla vart teken om å reise til Haukåsgjelet. Der var forresten like mykje folk i Husmorsfossen 10.40 og 10.50. Me er heilt sikre, då me måtte snu halveges nede i dalen for å hente taua våre som me hadde gløymt.
Turen inn til Jostedalen gjekk veldig bra og me var spennklare for fosseklatring. Fossen såg så fin, mjuk og innbydande ut at me ei stund vurderte om Inga skulle klatre utan stegjerna, som me hadde gløymt på hytta. Me kan konkludere med at hverken nynorsk kvining og sutring eller nordnorsk banning og ganding klarar å trylle fram Grivel sine Rambo stegjern frå ingenting.
Me sette oss i bilen og la kursen mot Sogndal og såg for oss køklatring i husmorsfossen og rapellkø til klokka var 22. Slik kunne det lett ha blitt om ikkje Roger Vigdal hadde eit lager av stegjern for utlån =)
Fulle av iver kosta me bort til fossen og me var på innsteget berre to timar forseinka, vel Inga var der. eg jogga tilbake tilbake for å hente hjelmen som eg hadde gløymt i bilen (strengt tatt låg den på hytta og eg måtte ta til takke med skihjelmen min.)
Kvarteret seinare var eg på på første led, eg stussa kanskje litt på om det var lurt å ta med Inga men konkluderte med at hennar samla erfaring på 25 meter topptauing sist helg var gull verdt. Ho lærer dessutan fort og eg fekk meir enn nok å tenke på med meg sjølv der fossen brattna til litt. Resten av turen gjekk eigentleg veldig fint og me hadde bra fart.

Her er nokon bileter teke undervegs:



                                                                  de hær får ikke mamma se!!!
                                                                   ISJE EG VIL!!!!
                                                               snickers i bilen? jaokei!!

Vel nøgde med turen cruisa vi mot Sogndalsdalen att, me måtte berre snu oppi der for å reise nedatt å handle mat, som me hadde gløymt å gjere...
På kvelden var eg på klatrefest og Inga tok seg ein tur mot Høgehaug for å teste fiskebeinsdugleiken. Framifrå oppgåvefordeling synest eg.


Søndagen opprannt med ein småklein leder og ei desto meir isgira novise. Eg fikk hala ut tida litt til min favør og omsider reiste me med kurs for Voss og Tvindefossen. vel framme på Hella møtte me dette synet:

                                                                      FML!!!!!
Me hadde gløymt å sjekka ruta og det var i overkant av ein time til neste ferje, fjellet var også kolonnekøyrt. valget fall då på å klatre fyrste satsen på fatlafossen. Veldig praktisk tenkte me ettersom der er kort ned til bilen NÅR me gløymer noko. vel framme racka me opp og eg dura avgårde på fysste taulengde. easy peasy tenkte eg helt til eg konstaterte at det MÅ vere mykje brattare i år enn tidlegare år!! Alt var gale, økser, sko, tau, skruar, feil merke på solbriller, ikkje matchande farge på bukse og jakke etc etc. Eg laga stand og tok Inga opp. Eg forberedte oss mentalt på ein abalakov med det utgikk nokså greit då eg forklarte ho kva det gjekk ut på. Vel, veien heim går via toppen. Eg fekk angsta meg opp og i det eg toppa ut møtte eg blikket til han her, eg veit ikkje om det er eit godt eller eit bra teikn, men eg følte meg litt slik nedi lia der:
                                                                   uææææææææ

                                                Vel oppe måtte ein skrive seg i huleboka på hulevarden



Turen gjekk vidare til byn att utan vidare forgløymelsar som vi veit om, vel kan det hende det ligg att diverse utstyr etter oss ymse plassar på vegen mellom Bergen og Sogn men den tid den sorg. Men kan jo berre snu og hente det. ;)


Until Next time!!!!

søndag 26. januar 2014

Stor ståhei når Heiåhå vann pris

Alle ville ha ein bit av dei stolte prisvinnerane

.
 
 
roseguttane, årets dugnadsinnsats!!

fredag 24. januar 2014

gud-IS

Bilder frå Gudvangen tatt 23.01.14.


Ubesteget is linje. Det er vel ein skrytepave av ein tyskerfaen som seier han har gått den........