lørdag 29. juni 2013

Valle di Mello

Heiåhå har sendt eit par medlem ut på klatreekspedisjon ned i europa. Her kjem eit utdrag av eventyret så langt:

Fredag, avreise Sogndal 16.00. Fyrste stopp Kjelsås, 22.00.
Laurdag: avreise Kjelsås 08.00. Via Sverige, Danmark og Tyskland. Stopp ca 01.30 ein eller anna plass på A7. Sov i bilen.
Sundag: starta opp å kjøre 06.30, ankom Sankt Moritz ca 14.00, via Østerrike. Langt å kjøre bil. Anbefala å fly..

Været i St.Moritz var begredelig, så etter ein overnatting reiste me vidare til Italia, Valle di Mello. Og her er livet godt!

Valle di Mello har ALT ein kan ønske seg av klatring: bra buldring, haugevis av bolta crag, flotte multipitch både på bolt og trad, samt tinda over 3000moh. Og alt på granitt :-D og ikkje minst er Italia eit meget billig land å bu i!

Fram til no har me gått fleire multipitch av høg kvalitet. Flotte riss, nydelige dieder, trange kamina, psykande sva, og herlige traversa. Klassikeran kjem som perler på ei snor, og det er berre å velge og vrake i ruter.

Mat og drikke har dei også mykje av. Stikkordet er Billig. Tilbud på øl til 0,79euro.. Er det rart dei har dårlig økonomi nede i europa..?

Av nye erfaringa me har gjort uss på turen kan nemnast:
1. Å kjøre bil frå Sogndal til Italia er langt.
2. Folk nede i Europa er veldig imøtekommende. Nordmenn som oss er det motsatte.
3. I Italia forstår dei verken norsk eller engelsk.
4. Å lære seg tysk på skulen er bortkasta: du kjem langt med tulletysk og ein ok ord-forståelse.
5. Vin til 1euro smaka like bra som vin til 200kroner.

Igår la me i veg på langtur. Normalvegen på Punta Sertori og normalvegen på Pizzo Badille som var planen. Men det regna vekk. Me gjekk heller ein tur på Punta Torelli. Utsikten var ikkje tilstades då det snødde sidelengs..

Etter dette gjekk me ned igjen til sentrum og sitt pr.no på ein bar og drikk billig vin.

Snakkast!

Og hugs: speed is ... safety.