mandag 20. mai 2013

Reisebrev frå Sotra-Eksingedalen-Bolstadøyri, dag 4.

Ja, så eg og Jostein tok oss ein liten snøggtur til Eksingedalen, verdens navle, for å finne ut at det var langt frå tørt oppe i Hjellaberget. Eksingedalen ligg altså 2,5mil frå Evanger, langt over eit fjell og ned i ein dal. Som Jostein sa; her ble de neppe ramma under okkupasjonen i 1940.. Og som Holo parrerte; her er det ikkje sikkert dei har fått det med seg endå..
So langt frå folk er altså denna avkroken. Men det såg flott ut. Meget flott. Berre synd det var vått.
I føraren står det at vi kunne slå opp telt på ei odde/jorde rett under veggen. - Det ville vi ikkje. På det jorde var det vått som ei myr, og i ein avfallshaug låg det bl.a eit døfødt lam, to stk. morkaker frå lamming, og ein god del anna skrot..  Det blei eit kort møte med Eksingedalen, men me kjem attende når det blir skikkelig sumar inni der.

Turen gjekk vidare til Bolstadøyri. Ein gedigen vegg 2mil frå Voss. Her grilla vi bål, drakk øl og sov under åpen himmel. Flotte saker.


I ti-tida kom Steffen. Me brøyt oss på ein 3.tl, grad 6+ på bolt, "Debut". Flotte saker! Kan anbefalast!



Då vi hadde rapellert ned og dratt tauet klarte vi sjølvsagt å feste tauet fast i ei grein på ei furu lengst oppe i veggen. Holo blei sendt opp igjen for å løysne det, då ideen om å feste tauet til bil og dra det laus blei underkjent.. De kan sjølv sjå på biletene kor godt tauet hadde festa seg.. 

Turen er no ferdig.

Reisebrev 3 frå heiåhå-klatrecamp.

Turen går inn i sin 4.dag, og 2.røde helligdag. Det er flott å bu i eit land der du får kasta helligdagar og lønn etter deg frå alle kantar.!

Idag har holo og jostein klatra Pinsevennen, 3.tl 5-, og Maos gate, 2.tl 4+. Pinsevennen var eit must iom at det er Pinse idag. Pinse altså. Kva feirer vi egentlig..?

Nok om det. Steffen og Inga har også holdt oss med selskap. Riktignok kun i mindre perioder av dagen, då dei ellers har bedrivi intens kjæresteklatring.

Etter ein betre grillmiddag har vi bestemt oss for å utforske Eksingedalen og Hjellaberget imorgo. Vi har dermed bryte leir og er på full fart innover landet retning Evanger. Der skal vi, dersom det er turt, klatre Sentralfuren, 4.tl 4+. Kan bli ein nydelig tur!

Hang loose.

lørdag 18. mai 2013

Reisebrev Sotra, del zwei.

Ny dag, nye utfordringer.
Etter å ha klatra Vigerusteggen heile to gonger igår, med tolv timers mellomrom, begge gonger i sleipt føre, blei det idag ein heilt anna oppleving:

Me byrja dagen med ein tur opp Sveitsereggen, 3'tl 5-, med god oppdrift på alle tre. Veggen var så godt som turr, og sola varma godt. For godt.. Som tøffe mannfolk me er var ikkje solkrem noko tema..

Etter ein kort lunsj på toppen av Sveitsereggen gjekk turen vidare til Indianerstigen, 2.tl 5-. Her fekk jostein ein flott led opp fyrste, før holo fekk ei skitten og tynn andre lengde. Nok om det.
Slitne, dehydrerte og varme som me var, gjekk turen raskt tilbake til bilen og rimi for å kjøpe middag, is og solkrem. Nemnte vi at det har vore varmt idag?

Etter handleturen blei det ein lengre siesta der gutta har liggi strak. Varmen har vore uutholdelig! Ein stor kontrast frå tidlegare i veka då vi gjekk med primaloft og paraply i sogndal..

Etter litt grilling og fleire runder med solkremsmøring blei det svalt nok til at vi kunne komme fram frå skyggen, så holo og jostein bestemte seg for å gå ein kveldstur opp Jomfruskrittet, 2.tl 4+. Flottflott klatring! 

Etter to dager med klyving, og 4ruter gått, kan vi trygt si at rutene på sotra er av god kvalitet, og at dei ikkje gir bort gradene billig her! :-)

Nu er det dags for litt voksenbrus og pleie av solbrent hud.
Adjø.

fredag 17. mai 2013

Hipphipphipphurra!

Dagen byrja bra med ein råflott 17.maifrokost i casa-del-steffen. Gimmestad bur for tida i, hald dykk fast, Turbotoppen.. Fett navn!

Etter champagne-frokosten, uten champagne, fortsatte turen ut på sotra. Vi byrja med å gå Vigerusteggen. Flott klyving på 4'er-talet. Godt innafor. Heldigvis.

Etter dette gjekk turen tilbake til camp, der me åt lunsj og drakk mengder med kaffi.

Det begynte å regne. Som mattelærer er eg glad i å regne, men regnvær er eg ikkje så begeistra for. Me ordna derfor med kreativt tak over lunsj-buféten. Legg merke til pynten midten; kiler og slynger i raudt kvitt og blått B-)

Det regner framleis.
Me slår ihjel tid med ein rånerunde i øygarden.

Hipphipphipphurra for sotra!