onsdag 19. desember 2012

Guillaumet

Me klatra Amy-Vidailhet (65 graders snø grad 5 klippe) på Guillaumet (2580m). 

Me gravde snøhulle etter alle kunstens regla.

Etter ei natt i snøen, starta me å gå i godt vær.


Det var folk på fjellet og.
To lag på Marmoz, begge laga
snudde på grunn av is og snø
som datt ned når det vart varmt.
(kjempe rart)

Været var ganske bra om mørgon.
Tore i farta!! eller i renna...

Det vart  ca 3 tau.l med snø.

God gamal fjellings, morsom 4-5 klyving.
4 tau.l.

Topp snøfeltet



Gullrekka! Egger er nok de vanskligasa fjellet å komma seg
på i område. Col Standhardt er vegen til vest
sida(normalvegen) på Cerro Torre.
Cerro Torre
Det er berre ein måte å komme seg ned,
rappellere, 
rappellere
 rappellere,
 rappellere


Eit Italiensk lag klatra Supercanalete på søndag, var vist godt forhold i renna men ein del rim og laussnø iøverste del. 
4 Lag på Poincenot, trur alle kom opp. 
Nokon amrikanera var i torredalen og prøvde seg på Standhardt, men det var for mykje snø og ting som raste så dei snudde.

søndag 16. desember 2012

Litt isklatring

Gode isforhold i Sogndalsområdet om dagen. Gjerne om natta med, men då er det så mørkt og vanskelig å sjå.
Eg og Kristian Pettersen var ute på Fimreite igår, og gjorde unda to flotte ruter. Rutene ligg omtrent på det avmerka området på kartutsnittet under. 

 Den fyrste vi gjekk ligg heilt innmed vegen, og du kan praktisk talt sitje i bilen og sikre. Men det er ikkje å anbefale. Sìget har omtrent 60 meter med klatring. Isen varierte, men var for det meste ganske god. Dei fyrste 20 metrane er svært lett. Vi gjekk usikra opp til ein stein på høgre side i biletet og lagde standplass der. Etter dette var det ca 40 meter med kjekk klatring. Kristian fikk leden på dette siget. Nedanfor ser du Kristian i rapellen ned igjen. Vi gjekk ca i rett linje rett til høgre for der Kristian er på biletet.


Etterpå heiv vi oss fort rundt, kjørte ca ein kilometer videre utover og parkerte på ein større møteplass. Biletet under viser den flotte fossen. Her og fekk vi ca 60meter med lett klatring. Underteikna leda ann, og fikk klyving på eit akkurat passe led-nivå i forhold til eigne skills.. Meistringsgleda var stor! Anmarsjen til innsteget tar ca 2 min, og du går lett oppover bekken. Meget nIce. Kjekke små opptakter før du kjem til der den seriøse delen byrjer.

Her er fossen i mørket, sett nedanfrå.

Fossen sett frå standplass. Ein kan også gå nokon fleire enkle opptakter vidare oppover, kanskje ca 40meter til med lett klyving. 

Sånn går no dagan.

fredag 7. desember 2012

Paso Superior x 2, Snu x 2


Argentinsk kråke, på veg inn til Paso Superior
Inne på ryggen etter breen,
jævlig vått snø.


Det hadde gått ein kar før oss opp breen  og laga  spor .
Me sank nedi til låret når me tråkka utafor storet.


"slutt å ta meg på puppa" "me dei er så varme å gode" "henda dine er så jævla kalde, slutt" "men berre lite grand"
De vart ei vått natt rett under Paso Superior,
dagen etter gjekk me siste bakken.

Snøen hadde ikkje blitt bedre i løpe av natta ,
og været var fortsatt ikkje topp.
Me snudde.

Når me kom ned letta været og det viste seg at vær vinduget var utvida med
ein dag så me gjekk opp igjen.


Snøen var ganske hard og kroppen
var trøtt og sliten!!
På breen på veg til Poincenot, til venstre i bilde.


På innsteget(der klatringa begynner), litt for seine litt for slittene og trøtte.
Me snudde.
No har me utstyr  på plass i Paso Superior og er klar til neste vær vindu.
Eit fransk lag klatre Franco-Argemtina på Fitz Roy på ca 24 timer, stegjern og økser heile vegen. Ellers har det vært lite aktivitent. Colin gjekk noko på nord sida av Guillaumet, eller å ha venta på forhold i Torredalen. 
Folk har stort sett snudd på detta værvinduet.

søndag 2. desember 2012

Laaaaangt å gå.....

El Chalten

Me har fått sett uss litt rundt og det er ganske langt å gå for å komme te klatringa, men det går sikkert bra. Ellers var me inne på Niponino (teltplassen i Torredalen) i går med ein del greier, me fekk følge ein danske og amrikaner som skulle hente sine ting. Dei hadde prøvd å gå Exocet (ei islinje på Standhardt), men hadde blitt spylt ut. Var berre ein stor bek helie greia. Ser ut som islinjene ikkje kan klatrast, om ikkje temperaturen går mykje ned. Supercanaleta på Fitz Roy er det heller ikkje forhold på.

No skal det visst nok komme ein del nedbør, så de vart en liten fest i går. No skal me pakke sekk og gjæra uss klar for eit par dagar i Paso Superior (sove plassen til Fitz Roy). Så før med sjå kva me får til det værvinduge som kjem. 
Kveldstur


Torredalen

Elvekrysing på veg til Niponino