søndag 28. oktober 2012

Verdon i haustfargar

Myten om klatringa i Verdon stemmer den? Dei siste 5 år har eg hatt eit ønskje om å klatre ei fleirtaulengders rute i Verdon. Ryktene og historiene er mange om klatringa i denne kring 4 mil lange kløfta. Sist torsdag fekk eg moglegheita.
Eit stemningsbilde frå Verdon frå etter klatringa.
Alpinisten Jostein hadde kommet med forslag til nokre klatrerute han likt på hans ferd i Verdon i fjor haust. HuMarit og eg fant ut at Arête Du Belvèdère var eit godt forslag for oss. Ruta var passe lang (8 tl.), passe vanskeleg (6a+) og ganske enkelt å finne innsteget på.
Sti for klatrarar med raudeprikkar og jernstenger
Stien ned frå vegen var artig. Det var ein tilkomststi for høgdevante klatrarar.  

Klatringa i Verdon er kjent for at den er teknisk, luftig og det kan vere langt mellom sikringa. Når vi kom ned til innsteget såg nabo ruta Or Sujet fristande ut. På den ruta opplevde vi dei kjente Verdon karaktertrekka. Kring 4 bolt ropte HuMarit om eg såg neste bolt. Eg såg ingen fleire bolter og sjekka føraren. Eg ropa opp at ho skulle traversere til venstre og å holde augene opne. Det kom ein bolt etterkvart. 
Første standplass: Litt trang og halvt hengande.
Neste lengde gjentok historia seg. Eg ropa ned om korleis ruta var innteikna. Det var ikkje ein bolt å sjå frå der eg stod. Or Sujet (6c) kosta oss meir mentalt og fysisk enn kva vi hadde planar for denne dagen. Etter andre standplass forstatte ferden på Arête Du Belvèdère. 

Ferdig oppvarma og på veg innpå Arête Du Belvèdère
Med 80 meter klatretau og 14 kortslynger hadde vi eit fint oppsett for å slå saman taulengder på Arête Du Belvèdère. Oppdrifta auka og vi fekk overskot til å nyte denne haustdagen, som kanskje var den siste fjellklatreturen i år.    

AfterClimb i La Palud med HuMarit med nåla. 
Verdon kan anbefalast. Myten om Verdon lever og kaffien på Lou Cafetie smakar godt. Eg gledar meg til neste tur.

For meir inspirsajon til han eller henne 1: http://www.youtube.com/watch?v=yDx98Ax0kfo

For meir inspirsajon til han eller henne 2:http://www.youtube.com/watch?feature=player_embedded&v=JvsgHWKJOUA#!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar