lørdag 6. oktober 2012

HelgE-tur

Så har me opplevd det og..

Halv åtte laurdagmorgo, 6 alpinistar stiller til start frå Statoil i Sogndal, med auga vendt mot Hurrungane. Planen er å gjere eit alpint støt på Soleibotntraversen, via Lauvnostind. I bilane sit Steffen, Elinor, Ken-Eivind, Sigbjørn, Einar og Odd-Eivind. Siggen kjøyrer fort som faen innover fjorden og oppover bakkan mot Turtagrø. På bil-stereoen syng sambygdingen vår Stein Torleif om Øvre-Ål Resort. Flotte Øvre-Ål!

Ca klokka 9 sett me igang frå parkeringen sør for Lauvnostind. I friskt NorTind-tempo leda Siggen an innover stigen og opp bakkan. Været e kaldt, litt vind, noko føyk, og snøen ligg kvit og fast. Det ligg an til ein frisk haust/vinterbestigning. Einar gler seg, han skal endelig bli alpinist!

Foto: Ellinor Falkgjerdet


Me kjem opp på flanken som leiar opp mot ryggen. Så kjem det frå Siggen; - Eit spor!  E det folk? Nei, det eit dyr!  Diskusjonen går i gruppa. Kan det vera rein? Hjort? Klauvdyr e det vertfall.
Me vandra vidare oppover. Spora følger ryggen, og jeger og fenrik Gimmestad slår fast at det er ganske ferske spor. Turen går oppover ura, og plutselig høyrer me frå Siggen. Det e faen me ein elg! ein ELG! SJÅ! Og jaddi va're ein elg. På nesten 1900moh i 40cm snø står elgen og gjer sitt fornødande.. Elgen værar oss og spring vidare oppover. Me blir ivrige og følgjer på. Denna fjell-elgen vil me sjå på nært hald!

Foto: Ellinor Falkgjerdet


Høgdemetrane kryp oppover og ryggen blir kvass. Veldig kvass. Elg-spora følgjer framleis ryggen.
Innad i gruppa blir vi einige om å prøve å gå litt lenger ned i sida for å gje elgen ein sjanse til å snu og gå ned igjen. -Dumme elg som forvilla seg opp i høgda..!

Topp-eggen er nådd. Elg-spora er framleis i front. Me går forbi pasasjer som er sopass eksponert at all menneskeleg logikk fortel at her burde ein halde seg godt unda. Elgen derimot har gått på skavlar, og stoppa på luftige kantar. Her har me tydeligvis og gjere med ein alpinist-elg. Ingen tvil om det!

Gruppa stoppar opp.

Foto: Ellinor Falkgjerdet

Kva gjer vi? -Dersom vi fortsett vil vi til slutt kome til stupa ved rapellane. Såvidt vi såg hadde elgen verken med seg tau eller sele. Siggen fortel at NorTind ikkje har noko innarbeida metodesett for møte med elg i alpint lende. Skepsisen brer seg i gruppa. Dersom vi går vidare no kan to ting skje: 1) Elgen blir desperat og valdelig, og går til angrep på oss. 2) Elgen blir desperat og suicidal, og hoppar.. Uansett kan det bli stygt. I verste fall går liv tapt. All fornuft seier oss at vi bør snu, og la elgen få fortsetje traversen i sitt tempo..

Foto: Ellinor Falkgjerdet

Vi snur og går til bilen. Siggen er skuffa over det alpine nederlaget. Ellinor er engstelig for alpin-elgen. Ken-Eivind er stolt over flaska si med elg-klistremerke. Men samtlege er superklare for ei go'økt på Kvam!






Men så; på veg til Sogndal, midt mellom Skjolden og Luster blir vi stoppa. Eit steinras har sperra vegen. Fjellrenskar Gimmestad kan fortelje at dette er store og farlege steinar. Me snur (igjen), og kjøper godis i Skjolden. Klatring er det berre å drite i idag..

Turen blei verken alpin eller ekstrem. Men det er ingen tvil om at denne turen er ein av dei vi kjem til å hugse lenge..


1 kommentar:

  1. Fantastisk historie! Den Elgen skal søke på 2013 kullet til Nortind og heter Jan. Bare ute og trener som dere skjønner. Men sliter med å få med seg noen. Ta kontakt med den for andre turer senere. Så slipper han å gå alene!Andreas

    SvarSlett