søndag 28. oktober 2012

Verdon i haustfargar

Myten om klatringa i Verdon stemmer den? Dei siste 5 år har eg hatt eit ønskje om å klatre ei fleirtaulengders rute i Verdon. Ryktene og historiene er mange om klatringa i denne kring 4 mil lange kløfta. Sist torsdag fekk eg moglegheita.
Eit stemningsbilde frå Verdon frå etter klatringa.
Alpinisten Jostein hadde kommet med forslag til nokre klatrerute han likt på hans ferd i Verdon i fjor haust. HuMarit og eg fant ut at Arête Du Belvèdère var eit godt forslag for oss. Ruta var passe lang (8 tl.), passe vanskeleg (6a+) og ganske enkelt å finne innsteget på.
Sti for klatrarar med raudeprikkar og jernstenger
Stien ned frå vegen var artig. Det var ein tilkomststi for høgdevante klatrarar.  

Klatringa i Verdon er kjent for at den er teknisk, luftig og det kan vere langt mellom sikringa. Når vi kom ned til innsteget såg nabo ruta Or Sujet fristande ut. På den ruta opplevde vi dei kjente Verdon karaktertrekka. Kring 4 bolt ropte HuMarit om eg såg neste bolt. Eg såg ingen fleire bolter og sjekka føraren. Eg ropa opp at ho skulle traversere til venstre og å holde augene opne. Det kom ein bolt etterkvart. 
Første standplass: Litt trang og halvt hengande.
Neste lengde gjentok historia seg. Eg ropa ned om korleis ruta var innteikna. Det var ikkje ein bolt å sjå frå der eg stod. Or Sujet (6c) kosta oss meir mentalt og fysisk enn kva vi hadde planar for denne dagen. Etter andre standplass forstatte ferden på Arête Du Belvèdère. 

Ferdig oppvarma og på veg innpå Arête Du Belvèdère
Med 80 meter klatretau og 14 kortslynger hadde vi eit fint oppsett for å slå saman taulengder på Arête Du Belvèdère. Oppdrifta auka og vi fekk overskot til å nyte denne haustdagen, som kanskje var den siste fjellklatreturen i år.    

AfterClimb i La Palud med HuMarit med nåla. 
Verdon kan anbefalast. Myten om Verdon lever og kaffien på Lou Cafetie smakar godt. Eg gledar meg til neste tur.

For meir inspirsajon til han eller henne 1: http://www.youtube.com/watch?v=yDx98Ax0kfo

For meir inspirsajon til han eller henne 2:http://www.youtube.com/watch?feature=player_embedded&v=JvsgHWKJOUA#!

tirsdag 16. oktober 2012

Soleitindtraversen

Hei og velkomen til tur på Soleitindtrversen. Jeg heter Jostein og sammen med Sigbjørn skal  vi  ta dere over ryggen.

Ingen elg å sjå sa Jostein og gjekk viare.

Ein aldri so liten rapell ned frå Lavnostind og den var nesten 30 meter.
Skyane kom og gjekk, på detta bilde hadde dei gått.

Rutebeskrivelse - Ikkje so mykje meir å si om den


Første tau.l var ein draum


Starten på andre tau.l
Snart på toppen av Nordre
Alltid alpinstand på alpinklatring
Første tau.l, flott alpinklatring 

andre tau.l, morsom klatring


Ingenting er som å ake heim

lørdag 13. oktober 2012

Meir nybrotsarbeid på Ål.

Den gode gamle potetferien kan nyttast til så mangt. Denne gongen blei han nytta til buldring og pussing i buldrefeltet på Ål.
Eg og Annike hadde to flotte dagar med sol, grei oppdrift og super friksjon. Været var klart og godt, slik som det ofte er i vakre Hallingdal.

Me holdt oss ved buldrefelt 4 (Kløvsteinen), og fant der ein ny stein kor vi pussa fram 3 nye bulder. Graderingane er høgst subjektive, og treng repetisjon for verifisering.

1. Mjølkeruta er ein artig armgang-travers som kan gåast frå begge kanter. Antatt grad 5+ frå høgre til venstre, og hakket hardare frå venstre til høgre.

2. Til venstre for Mjølkeruta finn du Håkkahei (5+). Ein kort, artig sak på varierte tak.

3. Vidare til venstre finn vi ein noko tyngre og morsom sak i eit særdeles bratt lende. Derav namnet Bratt Moro. Antatt grad 6b. Denne går på relativt gode tak, og avsluttast med åling over kanten. 

Steinen finn du altså på felt 4, ved Kløvsteinen. Her innteikna som D.2. Steinen lyd namnet Hjørnestein.
Me fant også denne steinen her, kor vi pussa fram ruta Elg på fjelltur, antatt grad 6a. (Mulig 5+). Steinen ligg ved vegen, 100meter inn på innkjørselen før innkjørselen til Hovda-området. Denne steinen har potensial for vertfall 3-4 flotte og lange ruter til.






mandag 8. oktober 2012

Patagonskeørken (7+/8-)

Kort og intens rute, med mange undertak. Ligger rett til venstre for Sahara (som kanskje er 8 blank). Etter start bykset er det berre å stå på til ankere er klipt. 
Og for dei som trur at Patagonia ikkje har ein ørken, so kan eg si at dei har verdens 7. største. Ruta er heler ingen skuffelse sandete og laus.


Kvam start - Eric i farta

Simon gjær deg klar til siste fløttet.

lørdag 6. oktober 2012

HelgE-tur

Så har me opplevd det og..

Halv åtte laurdagmorgo, 6 alpinistar stiller til start frå Statoil i Sogndal, med auga vendt mot Hurrungane. Planen er å gjere eit alpint støt på Soleibotntraversen, via Lauvnostind. I bilane sit Steffen, Elinor, Ken-Eivind, Sigbjørn, Einar og Odd-Eivind. Siggen kjøyrer fort som faen innover fjorden og oppover bakkan mot Turtagrø. På bil-stereoen syng sambygdingen vår Stein Torleif om Øvre-Ål Resort. Flotte Øvre-Ål!

Ca klokka 9 sett me igang frå parkeringen sør for Lauvnostind. I friskt NorTind-tempo leda Siggen an innover stigen og opp bakkan. Været e kaldt, litt vind, noko føyk, og snøen ligg kvit og fast. Det ligg an til ein frisk haust/vinterbestigning. Einar gler seg, han skal endelig bli alpinist!

Foto: Ellinor Falkgjerdet


Me kjem opp på flanken som leiar opp mot ryggen. Så kjem det frå Siggen; - Eit spor!  E det folk? Nei, det eit dyr!  Diskusjonen går i gruppa. Kan det vera rein? Hjort? Klauvdyr e det vertfall.
Me vandra vidare oppover. Spora følger ryggen, og jeger og fenrik Gimmestad slår fast at det er ganske ferske spor. Turen går oppover ura, og plutselig høyrer me frå Siggen. Det e faen me ein elg! ein ELG! SJÅ! Og jaddi va're ein elg. På nesten 1900moh i 40cm snø står elgen og gjer sitt fornødande.. Elgen værar oss og spring vidare oppover. Me blir ivrige og følgjer på. Denna fjell-elgen vil me sjå på nært hald!

Foto: Ellinor Falkgjerdet


Høgdemetrane kryp oppover og ryggen blir kvass. Veldig kvass. Elg-spora følgjer framleis ryggen.
Innad i gruppa blir vi einige om å prøve å gå litt lenger ned i sida for å gje elgen ein sjanse til å snu og gå ned igjen. -Dumme elg som forvilla seg opp i høgda..!

Topp-eggen er nådd. Elg-spora er framleis i front. Me går forbi pasasjer som er sopass eksponert at all menneskeleg logikk fortel at her burde ein halde seg godt unda. Elgen derimot har gått på skavlar, og stoppa på luftige kantar. Her har me tydeligvis og gjere med ein alpinist-elg. Ingen tvil om det!

Gruppa stoppar opp.

Foto: Ellinor Falkgjerdet

Kva gjer vi? -Dersom vi fortsett vil vi til slutt kome til stupa ved rapellane. Såvidt vi såg hadde elgen verken med seg tau eller sele. Siggen fortel at NorTind ikkje har noko innarbeida metodesett for møte med elg i alpint lende. Skepsisen brer seg i gruppa. Dersom vi går vidare no kan to ting skje: 1) Elgen blir desperat og valdelig, og går til angrep på oss. 2) Elgen blir desperat og suicidal, og hoppar.. Uansett kan det bli stygt. I verste fall går liv tapt. All fornuft seier oss at vi bør snu, og la elgen få fortsetje traversen i sitt tempo..

Foto: Ellinor Falkgjerdet

Vi snur og går til bilen. Siggen er skuffa over det alpine nederlaget. Ellinor er engstelig for alpin-elgen. Ken-Eivind er stolt over flaska si med elg-klistremerke. Men samtlege er superklare for ei go'økt på Kvam!






Men så; på veg til Sogndal, midt mellom Skjolden og Luster blir vi stoppa. Eit steinras har sperra vegen. Fjellrenskar Gimmestad kan fortelje at dette er store og farlege steinar. Me snur (igjen), og kjøper godis i Skjolden. Klatring er det berre å drite i idag..

Turen blei verken alpin eller ekstrem. Men det er ingen tvil om at denne turen er ein av dei vi kjem til å hugse lenge..