onsdag 19. desember 2012

Guillaumet

Me klatra Amy-Vidailhet (65 graders snø grad 5 klippe) på Guillaumet (2580m). 

Me gravde snøhulle etter alle kunstens regla.

Etter ei natt i snøen, starta me å gå i godt vær.


Det var folk på fjellet og.
To lag på Marmoz, begge laga
snudde på grunn av is og snø
som datt ned når det vart varmt.
(kjempe rart)

Været var ganske bra om mørgon.
Tore i farta!! eller i renna...

Det vart  ca 3 tau.l med snø.

God gamal fjellings, morsom 4-5 klyving.
4 tau.l.

Topp snøfeltet



Gullrekka! Egger er nok de vanskligasa fjellet å komma seg
på i område. Col Standhardt er vegen til vest
sida(normalvegen) på Cerro Torre.
Cerro Torre
Det er berre ein måte å komme seg ned,
rappellere, 
rappellere
 rappellere,
 rappellere


Eit Italiensk lag klatra Supercanalete på søndag, var vist godt forhold i renna men ein del rim og laussnø iøverste del. 
4 Lag på Poincenot, trur alle kom opp. 
Nokon amrikanera var i torredalen og prøvde seg på Standhardt, men det var for mykje snø og ting som raste så dei snudde.

søndag 16. desember 2012

Litt isklatring

Gode isforhold i Sogndalsområdet om dagen. Gjerne om natta med, men då er det så mørkt og vanskelig å sjå.
Eg og Kristian Pettersen var ute på Fimreite igår, og gjorde unda to flotte ruter. Rutene ligg omtrent på det avmerka området på kartutsnittet under. 

 Den fyrste vi gjekk ligg heilt innmed vegen, og du kan praktisk talt sitje i bilen og sikre. Men det er ikkje å anbefale. Sìget har omtrent 60 meter med klatring. Isen varierte, men var for det meste ganske god. Dei fyrste 20 metrane er svært lett. Vi gjekk usikra opp til ein stein på høgre side i biletet og lagde standplass der. Etter dette var det ca 40 meter med kjekk klatring. Kristian fikk leden på dette siget. Nedanfor ser du Kristian i rapellen ned igjen. Vi gjekk ca i rett linje rett til høgre for der Kristian er på biletet.


Etterpå heiv vi oss fort rundt, kjørte ca ein kilometer videre utover og parkerte på ein større møteplass. Biletet under viser den flotte fossen. Her og fekk vi ca 60meter med lett klatring. Underteikna leda ann, og fikk klyving på eit akkurat passe led-nivå i forhold til eigne skills.. Meistringsgleda var stor! Anmarsjen til innsteget tar ca 2 min, og du går lett oppover bekken. Meget nIce. Kjekke små opptakter før du kjem til der den seriøse delen byrjer.

Her er fossen i mørket, sett nedanfrå.

Fossen sett frå standplass. Ein kan også gå nokon fleire enkle opptakter vidare oppover, kanskje ca 40meter til med lett klyving. 

Sånn går no dagan.

fredag 7. desember 2012

Paso Superior x 2, Snu x 2


Argentinsk kråke, på veg inn til Paso Superior
Inne på ryggen etter breen,
jævlig vått snø.


Det hadde gått ein kar før oss opp breen  og laga  spor .
Me sank nedi til låret når me tråkka utafor storet.


"slutt å ta meg på puppa" "me dei er så varme å gode" "henda dine er så jævla kalde, slutt" "men berre lite grand"
De vart ei vått natt rett under Paso Superior,
dagen etter gjekk me siste bakken.

Snøen hadde ikkje blitt bedre i løpe av natta ,
og været var fortsatt ikkje topp.
Me snudde.

Når me kom ned letta været og det viste seg at vær vinduget var utvida med
ein dag så me gjekk opp igjen.


Snøen var ganske hard og kroppen
var trøtt og sliten!!
På breen på veg til Poincenot, til venstre i bilde.


På innsteget(der klatringa begynner), litt for seine litt for slittene og trøtte.
Me snudde.
No har me utstyr  på plass i Paso Superior og er klar til neste vær vindu.
Eit fransk lag klatre Franco-Argemtina på Fitz Roy på ca 24 timer, stegjern og økser heile vegen. Ellers har det vært lite aktivitent. Colin gjekk noko på nord sida av Guillaumet, eller å ha venta på forhold i Torredalen. 
Folk har stort sett snudd på detta værvinduet.

søndag 2. desember 2012

Laaaaangt å gå.....

El Chalten

Me har fått sett uss litt rundt og det er ganske langt å gå for å komme te klatringa, men det går sikkert bra. Ellers var me inne på Niponino (teltplassen i Torredalen) i går med ein del greier, me fekk følge ein danske og amrikaner som skulle hente sine ting. Dei hadde prøvd å gå Exocet (ei islinje på Standhardt), men hadde blitt spylt ut. Var berre ein stor bek helie greia. Ser ut som islinjene ikkje kan klatrast, om ikkje temperaturen går mykje ned. Supercanaleta på Fitz Roy er det heller ikkje forhold på.

No skal det visst nok komme ein del nedbør, så de vart en liten fest i går. No skal me pakke sekk og gjæra uss klar for eit par dagar i Paso Superior (sove plassen til Fitz Roy). Så før med sjå kva me får til det værvinduge som kjem. 
Kveldstur


Torredalen

Elvekrysing på veg til Niponino

fredag 30. november 2012

ØkseVinger (mushroom kit)

Eit typisk må ha produkt! Økser med vinger, englevinger, alt ein alpenist trenger i pategonia. 

Sånn vart det 240-250gram pr øks.
Fly kjære fly!!!

Eg fekk Daco på Kaupanger til å bøye til  ein
stålplate til meg. 1,5 mm rustfrittstål.

Runde kantar er fint, hadde og ein idè om  at
baksida av øksa kunne væra bra å grave med. derfor
ville eg ha vingane langt bak.



Vekta må ned, mest mulig må vekk.

Bort med det overflødige!


To hull bak for å justere vinkelen.
FINE:-)

torsdag 29. november 2012

El Chalten

Hei! 
Nå er me på plass i patagonia! Sola skinner, Tore mangler ein bag men den ska komma på lørdag!!!!
Alle klatrerane er på tur (for de er jo fint vær), 5-6 lag på Cerro Torre og et Fitz Roy.
Me går oppi Torredalen i mørgo! De blir konge!!!!!

søndag 4. november 2012

Lanciakaminen

Turen gjekk over fjellet til sesong opning i Hemsedal, køane var ikkje noko probelem og me fekk brøyte alt me ville. Vegvalga byr heler ikkje på problem lenger etter at den nye isføraren kom ut og der er jo linjane tegna i rett, Heiåhå har lurt litt på ander førera frå området. 



Tore på trede lengda, isen i renna var  tynn.
.....høyrte eg pyse
 Tore startet, me gjekk venstere starten
Eg og Jostein følger på første tau.l.
Mose og grass er topp og vinterklatrerens
bestevenn!!!

Innemellom var det gode skiforhold
Blir nok ikkje ein klassiker på ski, men
veit jo aldri ko ungdommen finn på.


Sikkerheten er i høgsete 


Det små rassa ein del, for det kom ein del snø. Det gjær seg på bilde 

5. tau.l var veldig artig. 
Me vart ganske våte, for det var null føre. Men  når det lei litt utpå
vart klæra stive.

Tore begynner å bli kaldt og lyse varar ikkje veldig mykje lengre.
(berre ei tau.l igjen)
Toppa ut når siste lyset lyste.
Me gjekk med i mørke og vil takke han som putta gps inn i telefonen.

Litt levande bildu frå turen
Jostein

Alle mann 

søndag 28. oktober 2012

Verdon i haustfargar

Myten om klatringa i Verdon stemmer den? Dei siste 5 år har eg hatt eit ønskje om å klatre ei fleirtaulengders rute i Verdon. Ryktene og historiene er mange om klatringa i denne kring 4 mil lange kløfta. Sist torsdag fekk eg moglegheita.
Eit stemningsbilde frå Verdon frå etter klatringa.
Alpinisten Jostein hadde kommet med forslag til nokre klatrerute han likt på hans ferd i Verdon i fjor haust. HuMarit og eg fant ut at Arête Du Belvèdère var eit godt forslag for oss. Ruta var passe lang (8 tl.), passe vanskeleg (6a+) og ganske enkelt å finne innsteget på.
Sti for klatrarar med raudeprikkar og jernstenger
Stien ned frå vegen var artig. Det var ein tilkomststi for høgdevante klatrarar.  

Klatringa i Verdon er kjent for at den er teknisk, luftig og det kan vere langt mellom sikringa. Når vi kom ned til innsteget såg nabo ruta Or Sujet fristande ut. På den ruta opplevde vi dei kjente Verdon karaktertrekka. Kring 4 bolt ropte HuMarit om eg såg neste bolt. Eg såg ingen fleire bolter og sjekka føraren. Eg ropa opp at ho skulle traversere til venstre og å holde augene opne. Det kom ein bolt etterkvart. 
Første standplass: Litt trang og halvt hengande.
Neste lengde gjentok historia seg. Eg ropa ned om korleis ruta var innteikna. Det var ikkje ein bolt å sjå frå der eg stod. Or Sujet (6c) kosta oss meir mentalt og fysisk enn kva vi hadde planar for denne dagen. Etter andre standplass forstatte ferden på Arête Du Belvèdère. 

Ferdig oppvarma og på veg innpå Arête Du Belvèdère
Med 80 meter klatretau og 14 kortslynger hadde vi eit fint oppsett for å slå saman taulengder på Arête Du Belvèdère. Oppdrifta auka og vi fekk overskot til å nyte denne haustdagen, som kanskje var den siste fjellklatreturen i år.    

AfterClimb i La Palud med HuMarit med nåla. 
Verdon kan anbefalast. Myten om Verdon lever og kaffien på Lou Cafetie smakar godt. Eg gledar meg til neste tur.

For meir inspirsajon til han eller henne 1: http://www.youtube.com/watch?v=yDx98Ax0kfo

For meir inspirsajon til han eller henne 2:http://www.youtube.com/watch?feature=player_embedded&v=JvsgHWKJOUA#!